— Vi må nok finna oss i lysregulert einvegskøyring fram til påske, opplyser Kåre Olav Aldal ved distriktsvegkontoret på Voss til Bergens Tidende.

Det var under flaumdagane i haust at Vegstellet oppdaga at vegmuren i Uradalen hadde fått «kul på magen». Sviktar denne 60 meter lange muren, vil trafikken på E16 mot Bergen hamna i Sørfjorden. Kanskje blir vegen borte i full breidde, og skaden kan forplanta seg til jernbanelina som her går i rasoverbygg tett ved vegen.

— Vi har hatt ein del problem med denne muren tidlegare, men no må noko gjerast, seier Aldal.

— Kva?

— Grunnboringar har vist at vi kan setja opp ein betongmur utanpå den gamle steinmuren, men den nye muren må forankrast i fast fjell, ikkje berre i foten, men heilt til topps.

— Korleis kan de få det til?

— Med fleire hundre jernstag av varierande lengde, frå fire til 12 meter. Dei lengste skal gå både gjennom den gamle vegmuren og lausmassar bak, før han når i fast fjell. Staget har ei innretning i enden, så han kan festast som ein ekspansjonsbolt.

— Når går de i gang?

— Arbeidet er ute på tilbod no. Eg går ut frå at den entreprenøren som får jobben, kan ta fatt i midten av januar, og ha klar bane til påsketrafikken, seier Aldal.

LYSREGULERT: Trafikken forbi den usikre vegmuren vil gå i lysregulert einvegstrafikk i den sikraste køyrebanen fram til påske. E16 i Uradalen går tett inntil jernbanen, som må flytta lengre inn i fjellet dersom stamvegen skal få ein betre trasé. FOTO: ARNE HOFSETH