Planane var spektakulære. Gangvegen over riksvegen mellom dei to handelshusa skulle bli eit landemerke i den arkitektonisk utskjelte Sunnfjordbyen. Men overgangen, ofte omtala som skywalken eller himmelbrua, blei også omstridd. Det var så vidt båten bar då kommunen etter fleire rundar godkjende teikningane.

Så, utan å informere kommunen, endra byggherren utsjånaden på brua. Grindverket av stål skulle ha ei geometrisk rombeform. Det blei bygt som kvadrat. Då kommunen oppdaga det, sette dei foten ned. Først med byggjestopp, så med vedtak om å krevje riving.

Søksmål

Det aksepterer ikkje Ida Berqvam og Jostein Fredly, eigarane av selskapet Qvam som eig dei to handelshusa på kvar side av riksvegen. I går hamna eit brev frå deira advokat, Endre Grande, på rådmanns og ordførars kontor. Der får kommunen frist på to veker til å gjere om rivingsvedtaket. Skjer ikkje det, blir det rettssak.

— Utan endring vil det utan ytterlegare varsel bli teke ut søksmål mot Førde kommune. Påstanden blir at vedtaka om riving er ugyldige, skriv advokaten.

Qvams juristar meiner kommunen har gjort seg skuld i fleire sakshandsamingsfeil.

— Den uvanleg skarpe reaksjonsmåten er for oss uforståeleg. Reaksjonsmåten er prega av hastverk. Det har gjort at kommunen har basert sine avgjerder på direkte feil fakta, meiner advokaten.

Kostar 3,5 mill

Ved eit eventuelt søksmål kjem Qvam også til å krevje erstatning for økonomiske tap selskapet er påført. Advokaten antydar at det kan kome til å dreie seg om vesentlege summar for å kompensere tap påført ved forseinkingar, ekstra utgifter og leigetap.

— Å rive og byggje opp nytt vil koste oss i underkant av 3,5 millionar kroner, seier Jostein Fredly i Qvam til Bergens Tidende.

— Vi har gjort oss skuldige i ein formell feil, og sagt oss leie for det. Dei store konsekvensane rivingsvedtaket vil få, står etter vårt syn ikkje i forhold til feilen vi har gjort.

— Er ikkje Qvam redde for å tape goodwill ved å nekte å rette seg etter eit vedtak det var stor politisk semje om?

— Det har vi ikkje reflektert så mykje over. I ei slik sak må vi gjere det vi meiner er rett.

Lite truleg

Senterpartiordførar Nils Gjerland seier det er lite truleg at saka vil bli teken opp att.

— Ein kopi av brevet er alt sendt politikarane. Vi skal ha eit møte i planutvalet 16. mars, og då blir dette å leggje fram som ei meldingssak. Politikarane kan då bestemme seg for å sjå på rivingsvedtaket på ny, men slik eg tolkar stemninga, trur eg neppe det vil skje, seier Gjerland.

— Huseigar meiner det vil koste 3,5 mill. å rive og byggje opp ei gangbru med rombeforma gitter. Er det ikkje no fare for at brua blir riven og restane står att som eit fugleskremsel.

— Det trur eg ikkje. Og det vil heller aldri bli akseptert.

NEKTAR Å RIVE: Dei to egga har kome på plass i skywalken mellom handelshusa i Førde. Gitteret i gangbrua skulle ha vore rombeforma. Då bygginga tok til var det blitt firkanta. FOTO. ODDLEIV APNESETH