Gangbrua over riksvegen mellom handelshusa skulle bli eit monument, eit landemerke og byens nye ansikt. Men byggverket som er kome opp, samsvarer dårleg med dei godkjente teikningane.

— Gje oss heller ei bot, var reaksjonen frå byggherrens representant, Jostein Fredly i firmaet Qvam AS, i lokalavisa Firda.

Ein sviande provokasjon og ei klar utfordring til reguleringspolitikarane i utskjelte Førde.

Stort engasjement

Det store samtaleemnet i Førde er om politikarane nok ein gong mjuknar i knea og gjev mektige byggherrar dispensasjon - eller om politikarane meiner at nok er nok. Om dei finn tida inne for å statuere eit eksempel i det arkitektonisk utskjelte Førde sentrum.

— I mine fire periodar i kommunestyret har eg aldri opplevd liknande engasjement i ei sak. Folk er veldig opptekne av at byrommet heretter skal utviklast på ein arkitektonisk forsvarleg måte, og dei er provoserte av at utbyggaren ikkje bygger slik som det var lovd, seier Finn Ove Njøsen, representant for Høgre i planutvalet i Førde kommune.

Partiets fem representantar i kommunestyret står alle bak kravet om at himmelbrua må vekk og byggjast opp igjen etter dei godkjente teikningane.

44-åringen Njøsen er innfødd Førdegut, og har sett heimplassen utvikle seg frå ei bygd på nokre få tusen til bystatus og handlesenter mellom Bergen og Ålesund.

Blir ein prøvestein

— Eg har forståing over at folk ville ha vekst i Førde på 70- og 80-talet, og at utsjånad den gongen ikkje var det mest sentrale. Men det er på høg tid å stille andre krav til utbygging i sentrum, seier Njøsen.

— Blir denne saka ein prøvestein for politikarane i Førde?

  • Ja, det trur eg. Ein prøvestein for ei ny og meir handfast line overfor dei store utbyggarane.

— Eg meiner framgangsmåten er ufin. Dei har bygd ein ny fasade før dei eingong har søkt om endringsløyve, seier Njøsen.

Forundra ordførar

Kommunen kravde straks byggestopp 3. februar, etter at det var tydeleg for alle at byggverket ikkje samsvarte med godkjente planar. Først i går mottok kommunen søknaden frå Qvam AS om «mindre vesentleg endring av utbyggingsplan skywalk».

Inntil vidare står Høgre og SV på at brua må byggjast som opphavleg føresett, men dei treng ytterlegare tre røyster frå andre parti for å ha fleirtal i kommunestyret.

Også Sp-ordførar i Førde, Nils Gjerland, er forundra over at utbyggaren ikkje følgde dei godkjente planane.

— Dette var ei kunstnarleg utforma pakkeløysing. Byggherren bør forstå at dei bør halde seg til godkjente planar. Eg tvilar på at fleirtalet vil godkjenne det som er bygd, seier Gjerland, som har vanskeleg for å finne nokon god grunn til å dispensere i denne saka.

GODKJENT SKISSE: Denne utgåva av gangbru mellom handelshusa gjekk til topps i arkitektkonkurransen, og vart godkjent av kommunen med deieggforma skulpturane inne i brua av stål og glas. ILLUSTRASJON: KRITT ARKITEKTER AS
BYGGESTOPP: Gangbrua slik den står i Førde sentrum i dag. Så langt kom bygginga av den endra versjonen før kommunen sa stopp 3. februar.Utbyggaren Qvam AS meiner endringane er «mindre vesentlege», og har søkt om dispensasjon. FOTO: ODDLEIV APNESETH