— Eg tenkjer på det kvar einaste dag, og takkar for livet eg har fått. Men det er med blanda kjensler. Ein annan døydde for at eg skulle leve. Deira tap er mi glede, seier den 65 år gamle amerikanske dama.

Carrie Ralph var kritisk sjuk. Ein lungesjukdom gjorde at ho levde livet lenkja til ein oksygentank. Berre å gå over golvet var ei prøve.

— Det var ikkje noko liv, seier Carrie.

På ferie

Ho hadde stått i donasjonskø lenge, då Bjørn Ove Grandum (biletet) for seks år sidan la ferieturen til USA, frisk og rask. Andre dagen, på hotellrommet i Seattle, følte han seg uvel. Han tok til å få kramper og kjende seg lam i sida. Bjørn Ove fekk varsla hotellet, og blei raskt lagt inn på sjukehus. Frå det amerikanske hospitalet fekk familien heime i Bergen den dramatiske beskjeden.

— Mannen min og eg reiste over så snart vi kunne. Då vi nådde fram var Bjørn Ove nett erklært hjernedød, fortel søstera, Hilde Kvant (36).

Bjørn Ove hadde, utan at han sjølv var klar over det, levd med ei medfødd svakheit i ein årevegg. Det utvikla seg til ein form for blodpropp.

Det var søstera som tok avgjerda om donasjon. Faren gav sitt samtykke på telefon frå Norge.

— Det var ikkje så vanskeleg. Bjørn Ove hadde vore veldig oppteken av dette før han drog på ferieturen. Grunnen var at eit familiemedlem stod i donasjonskø, fortel Hilde.

Hjelpte 13

Etter at Hilde hadde tatt avgjerda, ringde telefonen heime hos Carrie i Seattle. Ho hadde då eigentleg gitt opp håpet om å få ei ny lunge.

— Eg trudde ikkje dei ville, på grunn av alderen min. Eg var trass alt 59 år. Når eg likevel blei gitt sjansen, trur eg det var fordi eg var så standhaftig.

Operasjonen var 100 prosent vellukka, og sidan har Carrie vore frisk.

Det er ei lita, energisk og sprudlande dame vi møter på Bryggen. Lukkeleg over å vere i live, glad for kvar dag som går.

— Eg passar på meg sjølv. Trimmar og går kvar einaste dag. Eg har eit godt liv, seier ho enkelt.

Dei seks åra etter donasjonen har gitt henne fem nye barnebarn. Dottera, mannen hennar og det minste barnebarnet på tre og ei halv veke bur i Stockholm. Dei er med til Bergen.

Men Carrie var ikkje den einaste som fekk hjelp. I alt 13 personar fekk donert organ frå Bjørn Ove. Fem av dei var kritisk sjuke. Alle dei 13 lever i beste velgåande.

— Vi får informasjon frå den amerikanske donorforeningen om korleis det går med dei. Det siste vi høyrde er at ei av dei er i ferd med å utdanne seg til lege, fortel Hilde Kvant.

Carrie har sjølv god kontakt med mannen som fekk Bjørn Oves andre lunge.

— Eg kallar han tvillingen min, ler Seattle-kvinna.

Forferdeleg amerikansk

På Carries første bergenstur var det tid for sightseeing. Men besøket er ikkje første gongen Carrie møter slekta til mannen som hadde eit friskt organ som redda livet hennar.

Første gongen var i eit fjernsynsstudio i Seattle fire månader etter den vellukka lungetransplantasjonen. Det heile starta med at Hilde og ektemannen Ivar gav eit intervju i tidsskriftet til donorforeningen. Artikkelen vekte oppsikt. Fire månader seinare bad foreningen dei to komme til USA og gjere eit intervju for fjernsyn. Bakgrunnen var den store mangelen på organ i Amerika.

— Vi takka ja for å tene ei god sak, og møtte kvarandre på direkten i studio første gongen. Akkurat det var veldig amerikansk, og vi likte det vel ikkje så godt, hugsar Hilde.

— Det var forferdeleg, seier Carrie.

Takkar for livet

Dette var ei tid då det var svært vanskeleg å få folk til å donere organ i USA. Og historia om den norske mannen som hadde donert organa sine til amerikanske kvinner og menn, blei heitt stoff i media. Etter det første tv-intervjuet følgde fleire andre, og avisene stod i kø. Toppen var opptreden i «Good morning America», eit av fjernsynsprogramma med høgast sjåartal i USA.

Og responsen let ikkje vente på seg. Fokuset saka fekk i amerikanske media, førte til kraftig auke i talet på organdonasjonar.

Sidan har Carrie og Bjørn Oves familie halde kontakten.

— For meg har dette blitt veldig emosjonelt. Min donors familie har blitt spesiell for meg. Kvar einaste dag tenkjer eg på det og takkar for livet, seier Carrie.

HJARTELEG GJENSYN: - For meg er dette veldig emosjonelt, seier Carrie Ralph (t.h.). For seks år sidan fekk ho eine lunga til Hilde Kvants nyleg avlidne bror. Her er dei på sightseeing i Bergen.

FOTO: ARNE NILSEN