SOL I FJESET. Så banalt og så fundamentalt. Stiga ut av bilen og stikka nasen mot sola.

Denne nordbuar-refleksen som får somme til å trykkja trakter med folie ned over hovuda sine for å fanga mest mogleg sol når ho tek til å varma utpå seinvinteren. Denne harrydimensjonen som nordmenn dyrkar med hemningsløyse når dei dreg til fjells med klapp-stolar og boksøl heller enn med ski i skiboksen.

Den er det som er årsaka til at nord-sida av riksveg 7 over Kvamskogen ufortent er blitt liggjande litt som eit øydeland i skitursamanheng.

For helst skal folk til Mødalen og Breidarusti og Såta, med skjorteknappane opne til navlen. Somme av dei som ikkje blir sitjande i brøytekanten, umakar seg jamvel heile vegen til Tveitakvitingen. I flokk og følgje, endåtil, på fine soldagar ved påsketider.

MEDAN STEINSKVANNDALEN og tilhøyrande perler blir liggjande i bakleksa. Ironisk nok bada i sol. For på «hi sida», der sola bakar dei sørvende hellingane, er det vanlegvis alt anna enn trongt om plassen. Iallfall om ein trakkar utanfor oppkøyrde spor og preparerte løyper.

Som turmål manglar Såta (1260 moh.) på nordsida av Kvamskogen så visst ingenting. Ok, då — 40 meter på å slå Tveitakvitingen og 35 til for å ta innersvingen på Fuglafjellet - men skiterrenget står ikkje tilbake for det ein finn i sør. Om noko, er det endå litt røffare og endå litt meir dramatisk i nord.

I boka «Kvamskogen», av Svein Oldervoll Aadland, blir Såta omtalt som «eit anna fjell» på Kvamskogen som også blir kalla for Såta. Eit anna enn den eigentlege Såta (802 moh.). Det fortel alt om korleis nordsida av riksvegen historisk er blitt undertrykt, medan sørsida er blitt dyrka. Og slik er det symptomatisk at «Såta sør» blir rangert framfor «Såta nord», endå om «Såta nord» er det tredje høgaste fjellet på Kvamskogen og slår «Såta sør» ned i sokkane målt i meter over havet.

NO ER DET NOK IKKJE alle som er like opptekne av å slå eit slag for den høgaste av kvamskogensåtene. Meir enn å marknadsføra fjellet vil mange meina at Såta og terrenget rundt må takast vare på som den vesle løyndomen det framleis er. Ein freda plett for dei innvigde. Ein fristad der det framleis er råd, etter ein strålande vinterdag, å vera den einaste som har signert dei breie austflankane ned frå toppen med skisporet sitt.

Vi var to, og jammen var det ikkje to til vi kunne sjå ryggane til, der vi snirkla oss fram mellom småbjørka nede i låglandet ein heilt alminneleg kvardag. I oppkøyrd spor går den første delen av turen på vestsida av Haugalihotten og Timberhaugen, over Skogatjørni og Tjørnane, til stigningane ikkje lenger let seg utsetja.

KVAMSKOGEN ER min barndoms skirike, og ein gong var Kvamskogen så dominerande i tankegodset mitt at eg tenkte det var ikkje alternativ. Kvamskogen var det vi hadde. Punktum.

År og røynsle og gode turkameratar har opna opp nye område og nye ruter. No har eg så mange alternative turar å gå at det er beint fram vondt å velja, og Kvamskogen er ikkje lenger førstevalet, må eg vedgå. Men stundom er det dit eg dreg, og helst går eg då litt andre vegar enn dei tradisjonelle.

Den Såta som kvemmingane kallar for Iendafjellet, er ein slik veg, og no er vi på god veg dit. Framfor oss ligg Purke-gjelet, som tener som ein slags portal til sjølve høgfjellet. Inn mellom høge fjellvegger som sperrer for utsyn i vest og i aust. Ut att på hi sida, tett innpå hundre høgdemeter høgare, til eit fantastisk panorama mot aust og sør.

Fotasperrnuten tvers over dalen i aust, Hardangerfjorden og Kvinnheradsfjella i sør. Nesten som eit alpelandskap teiknar dei seg mot horisonten, sjølv om Folgefonna ligg der som ein pute og dempar inntrykket av villskap.

OG I NORDAUST LIGG Fuglafjellet innkapsla i is og snø. Lokkande livlaust i all sin hjartelause velde. Høgast av alle, sterkast av alle, mektigare enn nokon andre i desse traktene, og Fuglafjellet ser ut som om det veit det.

Det er på sett og vis eit uryddig landskap som teiknar seg frå desse høgdene. Ur og knollar og bråe stup. Svarte skarv over djupe dalar, is som brettar seg knugande over knaus og berg. Men mellom alt dette er det råd å finna ein veg og eit spor til toppen og ned att, eller vidare, om du vil. Nesten til Turlagshytta på Vending kan du sjå frå nordsida av Såta.

Nysnøen har blåse i fenner her oppunder toppen. Der han manglar, er det hard is som rår. Ikkje det enklaste å ta seg fram på. Men eg finn ei stripe frå nord som det let seg gjera å få feste i for stålkantane, og slik tek eg meg til toppen utan for mykje baks.

EIN HARE HAR VORE DER før meg og sett merkje, og det er noko symboltungt over dette einsame sporet av levande liv på Såta. Særleg ettersom det er vanskeleg å sjå kva ærend han kan ha hatt anna enn å nyta det vide utsynet frå svimlande høgder.

Eg gomlar ei brødskive og supar litt cola, og håpar at harepus syntesthanvart premiert òg.

KJELDE: «Kvamskogen», Svein Oldervoll Aadland

Helge Sunde