Onarheim Staurset — barnebarn til tidlegare generaldirektør i Aker, Onar Onarheim - arbeidde offshore for Aker Stord på Shells Draugen-plattform hausten 1993. Han oppheldt seg innanfor sperringane der det pågjekk stål- og sveisekontroll ved hjelp av radioaktiv røntgenstråling. Strålearbeida blei annonsert over høgtalaranlegget, men Staurset fekk som einaste person som ikkje var røntgenpersonell beskjed om at han kunne bli verande.

— Dei andre blei sende til flyteriggen ved sida av eller innafor blyinnfatta vegger inne på plattforma. Ein sender ikkje bort alle plattformarbeidarar utan at det er strengt naudsynt, seier Staurset.

To år seinare fekk Arne Onarheim Staurset konstatert blodkreft av den svært sjeldne typen essensiell trombocytose. 35-åringen ser ein samanheng mellom sjukdommen og lange opphald i stråleområda på Draugen. Han får støtte av både lege- og stråleekspertar. Men til no korkje av Aker Stord, Shell eller trygdevesenet.

- Latterleggjort

Aker Stord meiner at selskapet har halde seg innanfor regelverket i sin omgang med radioaktivt materiale.

— Generelt kan eg seia at vi følgjer dei strenge rutinane som finst for slike kjelder. Når det gjeld denne saka, er det feil av oss å uttala noko ettersom det kan gå mot ei rettssak, seier administrerande direktør Stian Vemmestad ved Aker Stord.

— Eg har halde på i ni år med dette. Ofte har eg vore nær ved å gje opp, for så å få spark bak av nye dokument i saka. Aker har berre latterleggjort påstandane mine, seier Arne Onarheim Staurset.

Staurset starta utdanninga til arkitekt før han blei råka av av blodsjukdommen, og har klart å fullføra utdanninga i sjukdomsperioden. Han er nyleg erklært atbeidsufør. 35-åringen held blodsjukdommen i sjakk med medisinar, han krev livslang behandling.

Yrkesskadetrygd eller erstatning

— Eg har hatt mykje plager og smerter og blir fort utsliten. Det var tungt å fullføra utdanninga, og tungt å jobba. Tek eg det med ro, går det betre, seier 35-åringen. Som no må dokumentera overfor trygdevesenet at han har krav på yrkesskadetrygd. Alternativet er å gå til erstatningssøksmål mot Aker Stord.

Arne Onarheim Staurset har innhenta ei rekkje uttalar, fakta og dokumentasjon frå både norske og utanlandske ekspertar. Han meiner at Aker Stord har lagt fram syltynn dokumentasjon på kva stålingsfare Onarheim Staurset var utsett for på Draugen. Det blei heller ikkje skrive rapport om tilfellet som såkalla uønskt hending, som etter regelverket er obligatorisk.

Shell, som var operatør, har på oppfordring frå Oljedirektoratet laga ein eigen rapport. Oljeselskapet konstaterer at dei ikkje kan seia noko om stråledoser, blant anna fordi dokumentasjonen ikkje kan gjenfinnast og fordi gjenfinningssystemet var svært mangelfullt. Dette står i kontrast til Akers eigen påstand om det dei hevdar er dokumentert.

Strid om dosar

Striden står om kor store stråledosar Staurset fekk i kroppen dei timane han oppheldt seg i plattformområdet tett inntil der radiografien blei utført.

Ifølgje ein strålemedisinar ved Radiumhospitalet krevst det ein oppsamla dose på 50 millisievert før ein sjukdom som skuldast stråling kan reknast som yrkesrelatert. Aker Stord har hevda at Staurset ikkje nådde opp i slike stråledosar.

Statens strålevern har konkludert med at hendinga er eit brot på deira regelverk, og vidare at dei ikkje finst noko form for godkjenning av at Aker Stord sin dokumentasjon er rett.

Ekspertar som Arne Onarheim Staurset har kontakta, trur 35-åringen kan ha blitt eksponert for stråledosar langt høgare enn det som er påkravd for å få aksept for årsakssamanheng.

Det faktum at han utvikla ein så sjeldan sjukdom i så ung alder vil Onarheim Staurset nytta som indisium på ein samanheng mellom sjukdommen og strålinga. Det er berre mellom null og eitt sjukdomstilfelle pr. 10 millonar innbyggjarar pr. år. Heile saka kjem til å dreia seg om at risikoen ved strålinga var høgare enn risikoen for å utvikla blodsjukdommen på naturleg vis.

— Arne Onarheim Staurset fekk påvist sjukdommen då han var midt i 20-åra. Det er svært sjeldan at pasientar får påvist essensiell trombocytose i denne alderen, og meir uvanleg at menn utviklar sjukdommen i den alderen, seier overlege Øystein Bruserud, professor i indremedisin og blodsjukdommar ved Haukeland universitetsjukehus.

STRÅLEKAMP: Arne Onarheim Staurset (35) har i ni år arbeidd for å dokumentera at blodsjukdommen hans skuldast radioaktiv stråling offshore medan arbeidsgjevaren avviser samanheng. <br/>OVE ARNE OLDERKJÆR