— Eg plar å ha god samband med vêrgudane, men i sommar har det slått heilt feil ut, seier Finn Esben Hansen, kaptein på Fjord Line sin «M/S Atlantic Traveller». Dansken har ei fartstid på rundt 50 år i skandinavisk farvatn, og meiner vêret på havet i sommar berre kan samanliknast med grovt vintervêr.

Verst tenkjeleg scenario

«M/S Atlantic Traveller» som trafikkerer mellom Bergen til Hanstholm via Haugesund og Egersund, har vore ute i hardt vêr fleire gonger denne sommaren. Først vart ferja tatt av eit hardt vindkast og smalt i ein molo i Hanstholm i slutten av juni. Skaden etter smellet førte til ei veke driftsstopp, og 5000 passasjerar måtte dermed planleggja sommarferien på nytt. Sist fredag fekk ferja motorstopp berre 20 meter frå land i Bergen, og vart ståande der over helga.

— Når slike ting skjer midt i høgsesongen er det verst tenkjeleg scenario, seier Ingvald Fardal styreformann i Fjord Line.

Treng stabilitet

Kaptein Hansen sendte i går e-post til sjefane sine der han lattermildt spurde om hausten var komen.

— Det einaste eg ber om no er høgtrykk, seier han og skodar utover sjøen før ferja legg ut frå kai i Bergen tysdag. Direktøren i selskapet er også uroa over vêret.

— Me må forvente ein viss vêrstabilitet om sommaren, seier Harald Thorstensen, administrerande direktør i Fjord Line.

— Slik som det er no blir det litt det same som om det var tåke på Flesland heile juli, seier han.

Taper millionvis

Fjord Line taper store summar på dei to uhella tidlegare i sommar.

— Med all ekstrakostnad og tilbakebetaling og skyss til kundar har dette kosta oss over fem millionar, seier Fardal. Til saman vart 8000 passasjerar råka av dei to ulykkene.

Både vårvêret og ruskevêret har gitt negativ verknad på passasjertala til Fjord Line.

Det flotte vêret i juni gjorde kanskje sitt til at bergensarane planla sommar heime, og ruskevêret dei siste vekene har fått mange til å flykta til Syden, seier Thorstensen. Sjølv om halvdårleg vêr også kan tiltrekkja seg fleire passasjerar, er Thorstensen ikkje i tvil om at finvêr er det beste.

-Det er kjekkast når kundane har det hyggjeleg. Dessutan brukar dei meir pengar når dei ikkje treng å henga over ripa heile turen.

VIL HA SOL: - Sjølv om passasjerane på store ferjer ikkje merkjer så mykje til uvêret til sjøs, er det alltid kjekkast med sommarvêr, seier Finn Esben Hansen, kaptein på «M/S Atlantic Traveller».