Alexela tok formelt over tankanlegget i Gulen vel to månader etter eksplosjonen.

Eit av Alexelas hovudpunkt mot Vest Tankeigar Trond Emblem, er at han aldri opplyste om kva som var igjen på dei attverande tankane.

Emblem på si side meiner at Alexela hadde god tid til å finne dette ut sjølve.

– Seljar let vere å gje slike opplysningar om innhald på tankane som dei måtte forstå var av verdi for kjøparane, skriv Alexela-advokat Erik Myhr Nilsen i sitt sluttinnegg til retten.

I tankanlegget var dei fleste av tankane i bruk til lagring av slam, mudder og oljeavfall frå Nordsjøen. Også her meiner Alexe¬la at Emblem let vere å informere. I Vest Tank sitt løyve hadde dei lov til å oppbevare avfall mellombels på anlegget – men ikkje lenger enn eitt år. Denne fristen var for lengst overskriden, hevdar Alexela.

Til saman krev Alexela ei erstatning på heile 110 millionar kroner. Over halvparten er aleine krav for å få fjerna alle restar frå omådet.

I tillegg til gammalt avfall på tankane, er også det svært svovelhaldige avfallet på tankane som eksploderte fjerna.

Resten av erstatningssummen er for tap av driftsinntekter og gjenoppbygging av tankanlegget. Alexela søkte rett før påske om å få bygje anlegget om til ein oljelagringsterminal.

Ifølgje Alexela har dei to partane ein avtae om at kvar månad utan drift gir 2,3 millionar kroner i prisavslag. Emblem meiner dette er avgrensa til 12 månader, medan Alexela meiner avtalen strekkjer seg heilt fram til drifta er i gang igjen.