PER MARIFJÆREN

Politiet i Førde har fått inn eit 20-tals nye tips etter at dei i førre veke gjennomførte rekonstruksjon av den hettekledde på staden. Ikkje eitt av tipsa har brakt etterforskarane nærare ei oppklaring av drapet på sjukepleiestudenten.

Ikkje vidare

— Vi fekk inn ein del nye tips, men dei har så langt ikkje brakt oss vidare i saka, seier fungerande politimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden.

Det var etter at eit vitne fortalde om personen kledd i mørk hettegensar som kom ut frå buskene rundt drapsstaden om lag eitt døgn etter søndagsmorgonen 6. juni då Anne Slåtten vart drept. Liket av den 23-årige sjukepeleistudenten vart funnen først fleire timar seinare denne mandagsføremiddagen.

Vedkommande som vart sett på veg ut av skogholtet, hadde hetta godt tilsnørt rundt ansiktet. Han eller ho har så langt ikkje meldt seg for politiet.

— Vi er sjølvsagt interessert i at vedkommande tar kontakt, seier Iden.

Seriøs observasjon

— Er det påfallande at dette vitnet ikkje melder seg?

— Lat meg seie det slik: Vi veit ikkje kvifor vedkommande var på akkurat denne staden, og det er klart at denne personen kan ha opplysningar i saka. Uansett tar vi observasjonen av den hettekledde svært seriøst, og dette er noko vi arbeider vidare ut frå, seier Iden.

Ferieavviklinga går no mot slutten, og politiet vil på nytt trappe opp arbeidet med saka, fortel Iden. Denne veka arbeider 14 etterforskarar på full tid med saka, av desse fire taktikarar frå Kripos.

— Vi arbeider vidare med den store kartlegginga av alle vitneopplysningar, skriftlege og elektroniske spor som finst. Framleis finst ei stor mengde arbeidsoppgåver som politiet ikkje har fått gjort i denne saka, og målet er å få oversikt over alle som var i Førde på det aktuelle tidspunktet, seier Ronny Iden.