To av personane var sende til sjukehus på Nordfjordeid, men ingen av dei fekk alvorlege skader. Alle dei ni som var med i velten var koreanske turistar.

To hestevogner var innblanda i velten. Presseansvarleg Inge Melkevoll seier til bt.no at hesten som var årsak til uhellet var ny av året. Hesten sprang ut, og drog med seg to andre. Men berre to av vognene velta.

— Vi rekna hesten som sprang ut som ein veldig lovande skysshest. Vi har ingen forklaring på det som skjedde, seier Melkevoll. Alle dei tre hestane som var involverte i uhellet er tatt ut av skysstrafikken.

Briksdalsbreen er ein av dei fremste turistattraksjonane i landet. Kvar sommar tek i underkant av 30.000 turistar den tradisjonrike skyssen med hest og vogn inn til breen. Gårsdagens uhell skjedde på turistane var på veg nedover att mot fjellstova.

Også tidlegare har det vore ulukker i samband med skyssen. Den mest alvorlege var for tre år sidan då ei japansk kvinne omkom etter at ein hest sprang ut.