Men ver innstilt på å måtte vente på godsakene, for her er det faktisk kø.

Hestemjølk er nemleg blitt ettertrakta som drikk, og no startar produksjon av mjølk frå fjordhestar i Nordfjord. Berit Bergset i Stryn er ein av pionerane på området, og meiner at hestemjølka smakar aldeles fortreffeleg.

Overfor NRK Fylkesnytt skildrar ho drikken som tynn mjølk med eit fruktig innslag av melon og agurk.

Fjordhesten skal ifølgje Bergset vere spesielt godt eigna til produksjon av hestemjølk, og mjølka er svært populær. Ho starta denne veka opp med produksjon frå seks dyr, og salet går strykande.

Også tørrmjølk frå hest er til sals via internett, og her er det også stor pågang frå mjølketørste kundar.

I heile landet finst det tre leverandørar av hestemjølk, og Bergset mottek stadig telefonar frå kun-dar som oppmuntrar henne om å auke pro-duksjonen.