Hesten vart skremt av trafikken og gjorde slike hopp og sprett at mannen vart kasta ut av sulkyen. Den 16 år gamle mopedisten som kom like bak hesten, fekk skulda for oppstyret. Etter først å ha gått laus på guten, tok mannen sykkelen og la han på bilen som kona kom køyrande i, melder Nordhordaland i dag.

– Hestemannen og mopedisten har begge vore på lensmannskontoret forklart seg i dag, fortel fungerande lensmann Svein Fammestad ved Lindås og Meland lensmannskontor til bt.no.

Politiet har vitner til episoden, som skjedde på fylkesveien mellom Seim og Feste i Lindås kommune.