Bergens Tidende har også snakka med ein forretningsmann i Oslo-området som har fått eit krav frå tollvesenet på meir enn 100.000 kroner, etter å ha kjøpt to hestar av Hamre.

Etter det Bergens Tidende har grunn til å tru går Hamre sitt namn att i fleire av dei 75 hesteimportane frå dei siste åra som Buskerud, Vestfold og Telemark tolldistrikt nå har sett fingeren på.

Gratulerte tollvesenet

— Då eg kom tilbake frå ferie i august i år, låg det eit krav på 59.000 kroner frå tollvesenet i Tønsberg og venta på meg. Det galdt ein hest eg fekk kjøpt frå USA i 1998, fortel Jørgensen til Bergens Tidende.

— Eg vart først rasande, men såg etterkvart komikken i det. Eg skreiv til tollvesenet og gratulerte dei med godt utførd arbeid. I ettertid ler eg av det heile, seier Jørgensen.

Jørgensen meiner saka gjeld ein hest som han etter tilbod frå Atle Hamre kjøpte frå USA i 1998. Han opplyser at han overførde 50.000 amerikanske dollar til Hamre. Det utgjorde vel 400.000 kroner. Beløpet skulle dekke innkjøp, frakt, toll og moms.

Jørgensen opplyser at han nå har fått dokumentasjon som viser at medan det vart betalt 39.000 dollar for hesten i USA, oppgav Hamre eit mykje lågare beløp til tollvesenet då hesten vart fortolla og «momsa» inn i landet. Dermed vart momsen altfor låg.

«God gammal hestehandel»

— For å få det til, hadde han alliert seg med eit stutteri i Sverige, som laga dokument som viste ein heilt annan kjøpesum enn den faktiske, seier Jørgensen.

— Dette visste eg ingenting om den gongen. Eg kan berre seie at eg framstår som blåøygd og har blitt lurt. I dag er eg berre glad for at det berre var denne eine hesten eg kjøpte via Atle Hamre. Det er verre med dei som har kjøpt fleire hestar av han. Det er vel dette ein kallar «ein god gammaldags hestehandel», seier Jørgensen.

— Eg er ein seriøs forretningsmann og vil ikkje ha på meg at eg fer med juks. Difor kosta det meg lite å gratulere tollvesenet med jobben, sjølv om det var ergerlig å måtte punge ut med 59.000 kroner i moms som eg eigentleg ikkje skulle ha betalt, legg han til.

«Lærepenge»

Jørgensen opplyser at han fekk varsel om at det kunne bli ilagt tilleggsavgift. Han skreiv på nytt til tollvesenet og argumenterte mot at han skulle måtte betale tilleggsavgift for eit forhold han ikkje kan haldast ansvarleg for.

I går fekk han brev frå tollvesenet om at han er ilagt eit tillegg på 10 prosent, det vil seie 5900 kroner.

— Dei reknar meg som snill gut, ettersom eg har forklart det eg veit og akseptert å betale. Eg orkar ikkje å klage og får berre ta det som ein lærepenge, seier Jørgensen.

Stian Brøyn, som er toll- og kontrollsjef ved Buskerud, Vestfold og Telemark tolldistrikt, seier til Bergens Tidende at tollvesenet berre «har gått på kven som er eigar av hesten ved importen».

— Vi har ansvaret for kva som skjer med varene og skal passe på at staten får pengane sine. Vi har ikkje vurdert rolla til «arkitektar» eller mellommenn som måtte ha opptredd. Men det kan vel tenkast at politiet vil interessere seg for dette, seier Brøyn.

Dømd for importjuks

Det er ikkje første gong Hamre er involvert i juks med import av hest. I 1996 vart han i Oslo byrett dømd for å ha lurt tollvesenet ved import av tre hestar frå USA på 1980-talet. Dei tre hestane vart momsa inn for 140.000 kroner medan den reelle verdien var to millionar kroner.

Retten kom til at han også var ansvarleg for same forhold ved to tidlegare importar, men dei sakene var forelda. Han vart også dømd for skatteunndraging på 433.000 kroner, ved at han unnlet å oppgje sal av ein hest til 2,6 millionar kroner. Han slapp med 60 dagars betinga fengsel, av di saka var blitt svært gamal.

VART LURT: Forretningsmannen Per Jørgensen (t.v.) seier han har vorte utsett for «ein god gammaldags hestehandel», etter å ha handla hest frå USA med Atle Hamre som mellommann. Men Jørgensen tek det med godt humør. ARKIVFOTO: ARNE NILSEN OG NILS ARNE GRUTLE