Det var eit dramatisk styremøte ved høgskulen 12. april før studiesjef Liv Reidun Grimstvedt (46) samrøystes blei valt framfor Harry Herstad (60). Den tidlegare Brann-direktøren og rådmannen i Stord og Hordaland har vore dekan, som tilsvarar fakultetsstyrar, ved høgskulen på Rommetveit dei siste fire åra.

Ueinige om vegen

Ifølgje bladet Sunnhordland stilte rektor og styreleiar Egil Eide på styremøtet brått eit ultimatum om å trekkja seg som rektor dersom styret gjekk inn for Herstad. Det følte tre av styremedlemmene som eit press, noko dei fekk protokollført.

Harry Herstad ønskjer ikkje å kommentera saka, blant anna fordi framtida hans ved høgskulen ikkje er avgjort. Fagforbunda ved skulen har bede leiinga om å engasjera Herstad vidare, til dømes som samfunnskontakt.

Det herskar liten tvil om at det er usemje om den framtidige organiseringa ved Høgskolen Stord/Haugesund som har skapt motsetnad mellom Herstad og rektor Eide. Herstad la ved eit framlegg til ny organisasjonsplan og endra rollefordeling i dekan-søknaden sin.

Vil ikkje kommentere

Ifølgje Sunnhordland reagerer fagforeiningane sterkt på tilsetjingsprosessen, dei meiner det er uheldig at rektor Egil Eide er leiar i tilsetjingsrådet ved høgskulen samstundes som han er medlem i innstillingsrådet.

— Eg ser på dette som ei konfidensiell personalsak som eg ikkje vil kommentera, seier rektor Egil Eide.

HARRY HERSTAD: TidlegareBrann-direktør og rådmann.ARKIVFOTO: RUNE NIELSEN