OVE ARNE OLDERKJÆR

Stord

Det handlar om ein 1992-modells Toyota MR II, som Thor Hermansen eigde og som han melde stolen i Stavanger våren 2001. Før bilen blei oppdaga hos eksvenen, som ei tid budde i Sande+fjord, og seinare dukka opp på Stord i 2002, hadde Hermansen fått utbetalt 120.000 kroner i erstatning av forsikringsselskapet.

Løgner og lureri

I Sunnhordland tingrett i går stod Thor Hermansen steilt opp mot gamle omgangsvener. Skuldingar om løgner og lureri hagla frå begge sider.

Aktor, politiadvokat Rudolf Christoffersen, krev 60 dagar fengsel utan vilkår for den omdiskuterte reality-deltakaren.

Aktor krev og at Hermansen betalar tilbake vel 100.000 kroner til forsikringsselskapet. Det er tapet selskapet sit att med etter å ha selt den raude sportsbilen.

Hermansens forsvarar, advokat Frode Skogvold krev full frifinning. Og visst 29-åringen skal bli dømt, må han ifølgje Skogvold få ei mild straff fordi politiet ikkje har gjort noko i saka på to og eit halvt år. Frode Skogvold prosederte i går si første rettssak på heimstaden Stord.

— På krigsstien

— Bilen blei stolen. Først seinare fekk eg vita at det var ein gammal kjenning som hadde teke han, ein kar eg no har vore på krigsstien med lenge, sa Thor Hermansen i si rettsforklaring etter å ha erklært seg ikkje skuldig. Dei to hadde roke uklar om både eit bedriftslån og ei dame.

Den gamle kjenningen, Hermansens eksven frå Stord, sa på si side at Hermansen sjølv kom til Sandefjord med bilen, og at han tidlegare hadde snakka om å melda Toyotaen stolen for å få ut forsikringspremien.

31-åringen køyrde bilen tilbake til Vestlandet på tilhengjar, fordi han ikkje ville ha han ståande på eigedommen sin. Han hadde følgje av ein 32-åring som hevdar å ha blitt køyrt til Sandefjord av Hermansen nettopp for å henta bilen vestover.

— Eg har aldri køyrt bil lenger enn mellom Hystad og Leirvik på Stord, og hadde vel ikkje halde ut lengre heller, repliserte Hermansen, som for tida arbeider som konsulent innan lettare danseunderhaldning i Bergen.

32-åringen leigde ein periode huset til Tor Hermansen på Stord. Då leigeforholdet blei sagt opp, enda det med konfrontasjon og rettssak i fjor. Der blei 32-åringen frikjent for skuldinga om å ha drapstruga Hermansen.

Dom i bilforsikringssaka fell om ei veke.

I RAMPELYSET IGJEN: Tor Hermansen kjempar i retten mot gamle vener og skulding om forsikringssvindel. Her med forsvararen, advokat Frode Skogvold.<br/>Foto: OVE ARNE OLDERKJÆR