Leiar i arbeidsgruppe for heving av flyvrak frå sjø, Geir Tangen, stadfestar dette i dag.

Tangen opplyser til Kystradioen at flyet ser ut til å vera i svært god stand ettersom det ligg såpass djupt i fjorden.

Styrar på Herdla Museum, Gunnar Furre, seier at dette er svært spennande og at museet nå kan få ein kjempeattraksjon. Furre vonar at Askøy kommune kan få hand om Herdla fort og at flyet kan plasserast i ein lagerbygning der.

Han ser ikkje bort frå at det kan bli aktuelt å flytta heile museet til Herdla fort-området.

Jagarflyet var fast stasjonert på Herdla fort og styrta i Hjeltefjorden 15. desember 1943.

HERLIGE HERDLA: Nå kan Herdla Museum få en ny attraksjon.
KNUT STRAND