JOHN LINDEBOTTENLARS MYHREN HOLAND (foto)

Dagens idyll på Halhjem har berre eitt år att. Neste haust startar sprenginga av Langeneset og bygginga av nytt ferjekaianlegg.

Etter planen skal det nye kaianlegget vera ferdig, og tre nye ferjer setjast i drift, frå 1. januar 2007. Dei nye ferjene skal gjera turen Halhjem-Sandvikvåg unna på 35 minuttar, mot 50 for dagens ferjer.

Forretningsmannen Svein Kjelstrup Olsen, som er hytteeigar på Halhjem, har den siste tida protestert iherdig mot planane, som han meiner går altfor vidt og øydelegg ei naturperle. Men dei alternative løysingane, som sivilingeniør Ole Rakner og Svein Kjelstrup Olsen har kome med, fekk ingen plass då Samferdsleutvalet vart orientert om framdrifta i går.

Orienteringa fann stad om bord på MF «Stord» mellom Halhjem og Sandvikvåg.

Katamaran ikkje godt nok

— Det har aldri vore på tale med noko anna enn full utbygging i tråd med reguleringsplanen, seier sjefsingeniør Sindre Lillebø hjå Statens vegvesen til Bergens Tidende, og han får full støtte av administrerande direktør Geir Aga i HSD Sjø.

Utbygginga skuldast dei nye og store ferjene bygt i stål som skal settast inn i ruta frå 1. januar 2007. 135 meter lange og 18 meter breie, må dei leggja til kai lenger ut i vågen for å kunna manøvrera trygt til og frå.

— Men korleis ser HSD på katamaran-ferjene av aluminium frå Fjellstrand, som er kortare og lettare å manøvrera?

— Dei har ikkje kome langt nok i utviklinga av så store ferjer som vi treng. Dessutan trur vi at dei ikkje kan ta så mange vogntog som den andre ferjetypen. Og tungtrafikken er viktig på E39, seier Geir Aga.

For seint å protestera

Ingen er usamd i at den planlagde utbygginga på Halhjem er eit stort innhogg i eit vakkert og idyllisk fjordlandskap. Men leiaren i Samferdsleutvalet, Gustav Bahus, frå Frp og Os, strekar under at planlegginga har gått føre seg i dialog med grunneigarar og andre interesserte.

— Protestane har vore svært få, og ingen som har rett til det har varsla motsegn mot planane. Det er positivt at folk engasjerer seg. Eg vil ikkje kommentera nærare protestane frå Svein Kjelstrup Olsen, men dei kjem altfor seint, seier Gustav Bahus til BT.

Konkurranse om ferjene

Utbygginga på Halhjem er kostnadsrekna til 120 millionar kroner. Frå neste haust har Statens vegvesen berre toppen 15 månader på seg til å få det nye kaianlegget ferdig. På same tid må tre nye kjempeferjer vera på plass med dekk til 200 bilar.

Men kven som skal driva dei, er usikkert, for det må det konkurrerast om. HSD og Stavangerske står saman om eit anbod med til saman fem nye gassferjer, der tre skal gå på Halhjem-Sandvigvåg og to på Arsvågen-Mortevika over Boknafjorden. Anbodet vart levert til vegstyresmaktene 3. september.

Styrking av ferjesamband

— Kva planar har de for dei fire ferjene som no går på Halhjem-Sandvikvåg?

— I det spørsmålet har Vegdirektoratet siste ordet. Men Austevollsambandet treng kanskje ei. Så vil vi styrkja sambandet Halhjem-Våge. Ei kan nyttast i sambandet Skjersholmane-Ranavik-Sunde, og så ønskjer vi å setja inn ei stor ferje i sambandet Gjermundshamn-Løfallstrand. Når vi får ny ferjekai på Årsand i Kvinnherad, kan vi oppnå timeavgangar med berre ei storferje dersom vi også får ny ferjekai på Varaldsøy, seier Geir Aga.

NYE HALHJEM: Slik tenkjer Statens vegvesen seg at det nye ferjekaianlegget vil ta seg ut, sett frå nord, ut mot sundet. Parkeringsområdet er lagt på dagens oppstillingsplass for ventande bilar. ILL: NORDPLAN/STATENS VEGVESEN

UVANT UNDERLAG: Sjefsingeniør Sindre Lillebø trivst best på stø veggrunn. Tysdag sette han sjøbein då han tok runden med kaffikanna til medlemmene i Samferdsleutvalet om bord i MF «Stord» mellom Halhjem og Sandvikvåg. Administrerande direktør i HSD Sjø, Geir Aga, ser til at koppar og fat ikkje rasar i dørken.

SVÆRING : Slik blir dei 135 meter lange gassferjene. Kvar båt skal ha plass til minst 230 personbilar og 500 passasjerar. ILLUSTRASJON: MULTI MARITIME