Denne helga blir dørene gjenopna i det 80 år gamle meieribygget. Barne— og ungdomsrådet har nådd sitt første store mål om eit attraktivt konsert-, diskotek- og allaktivitetshus på Leirvik-byens mest sentrale tomt.

— Det er på tide at Stord får eit skikkeleg tilbod til ungdom under 18 år, slik at mange slepp å hengja utandørs i sentrum i helgene, meiner Lene Jeanette Skogvold (16), Hanne Nesbø (17) og Hanne Raunholm (17). Vi traff venninnene på konferansen i og om allaktivitetshuset i april.

Satsar store summar

Stord kommune satsar store summar på Allaktivitetshuset i leigde meierilokale. Berre den årlege husleiga blir 720.000 kroner. Eit kraftig musikkanlegg er for lengst installert.

Det er over tolv år sidan den siste mjølkekartongen blei tappa i meieriet. Dei siste åra har Stord-bøndene drive sal av jordbruksutstyr og verktøy i lokalet.

Utekontakten og Allaktivitetshusets daglege leiar Else Jorunn Belsvik har alt flytta inn i huset. Som truleg tek namnet Meieriet etter mønster av andre tettstader og byar som har gjort om meieria sine til ungdomshus.

— Huset er eit gjennomslag for barne- og ungdomsrådet. Det viser at ungdom kan ha makt ved å delta i politikken, meiner Linda Byrknes (16), som har delteke i gruppa som har planlagt bruken av Meieriet.

300 vil inn

Ei spørjeundersøking blant 1100 Stord-ungdommar viser at mange ønskjer å ta huset i bruk. 300 svarar at dei regelmessig vil nytta seg av Meieriet.

— Me håpar dette vil bli ein felles samlingsstad for unge frå både Sagvåg, Rommetveit og Leirvik. Med eitt hus på kvar stad blir ein ikkje kjent med nye folk, meiner Lene Jeanette Skogvold.

— Ein klubb som er open berre eit par timar nokre kveldar er heller ikkje så attraktivt, seier Hanne Raunholm.

Allaktivitetshuset på Leirvik skal vera ope kvar dag etter skuletid. I dei tre etasjane som er til disposisjon kan ungdom finna rom til å gjera lekser, bruka datamaskin eller spel. Utanom storsalen med eigen bar og kjøken er det også planar om verkstad for mekking på moped.

— Eg håpar ungdommen kjem hit for å få informasjon om konsertar, utstillingar, kulturtilbod, utdanning, språkreiser, utanlandsstudiar eller ledige jobbar, seier Linda Byrknes.

— Det er brukarane sjølve som skal stå for mesteparten av aktiviteten i huset. Det skal bli ein smeltedigel, eit fellesskap med grunnlag i eigenaktivitet, sier leiaren i barne- og ungdomsrådet, Johnny Jensen (18).

INNFLYTTINGSKLARE: Tre jenter som gler seg over det nye ungdomstilbodet i Leirvik sentrum. Frå v. Lene Jeanette Skogvold (16), Hanne Nesbø (17), Hanne Raunholm (17).
Foto: Ørjan Deisz