Vindtunnelen, som eigentleg er ein vindsilo, og ikkje av det horisontalet slaget som blir brukt til forsking på aerodynamikk, blir den første i sitt slag her til lands.

Konstruksjonen blir meir enn 30 meter høg og kostar rundt 55 millionar kroner. Rimi-Hagen sitt investeringsselskap Canica eig 57 prosent av aksjane i eigarselakapet Voss Vind.

  • I tillegg til luftsportsutøvarar og andre akrobatar vil vindtunnelen vera attraktiv for heilt vanlege turistar, og bygdefolk for den del, seier prosjektkoordinator Henning Hegbom, som samarbeider med Thomas Hårklau om tiltaket.

Då bt.no fortalde om prosjektet i 2007, var målet å kunne ta vindtunnelen i bruk våren 2009. Det viste seg å vera litt for optimistisk, men no er gravinga i gang, og det ligg an til inandørssveving året rundt frå 2012. Ei solid rist skil deltakarane frå viftene som gir oppdrift.

I VINDEN: I den nye vindtunnelen på Voss kan du prøve fallskjermhopp - utan fallskjerm.
SKYWALKERS