— Det sa berre dunk. Eg bråstoppa, og tenkte med ein gong på barnebarnet som sat i baksetet. Heldigvis gjekk det bra, seier Mete Kråkenes til Fjordenes Tidende.

Trudde steinen traff

Saman med barnebarnet på tre år og svigerdottera var ho på ved frå Kråkenes til Måløy i Nordfjord. På vegen frå Kvalheim mot Refvik gjekk det nesten gale.

Då Kråkenes høyrde at dunket, skjønte ho med ein gong at ein stein hadde losna frå fjellsida. Ei lita stund trudde ho steinen hadde treft tre år gamle Maria Humborstad Kråkenes.

— Ho sat heilt i ro og det såg ut som ho var død. Vi rista litt i barnet og såg til alt hell at ho var uskadd. Det virka som ho ikkje heilt fekk med seg kva som var skjedd, seier Kråkenes til Fjordenes Tidende.

Bakruta sprakk

Steinen som trefte gjekk ikkje gjennom ruta, men laga eit hol på om lag 15 gonger 30 centimeter, ifølgje Kråkenes.

— Hadde steinen gått gjennom ruta, hadde han truleg treft Maria, seier Mete Kråkenes.

På veg til Måløy sprakk heile bakruta. Kråkenes fortel at det ikkje er første gong ho har fått stein i bilen på Kvalheimsvegen.

Har skjedd før

— Den første gongen var i 1997. Då kom eg køyrande og såg steinen i lufta framfor bilen. Eg greidde ikkje stoppe i tide, og eg trefte steinen med fronten av bilen. Det var mykje større skade på bilen då enn denne gongen. Men vi var mykje nærare ei katastrofe no, seier Kråkenes til Fjordenes Tidende.

Ho fortel at mange brukar vegen kvar dag, og at det er med redsle ho køyrer der.

— Om ein ikkje rassikrar denne vegen, er eg redd det vil skje ei katastrofe på denne vegstrekninga, seier Kråkenes.

KNUST: For andre gong vart bilen til Mete Kråkenes treft av stein på Kvalheimsvegen i Måløy. Denne gongen traff steinen nesten barnebarnet Maria (3) som sat i baksetet.
Håvar Fagerli/Fjordenes Tidende