Ho kjem frå nattskift og skal heim. Det er tidleg laurdagsmorgon.

Margareta Holvik køyrer langs Jølstravatnet. På den isete vegen snør det. Det bles kraftig og vatnet går kvitt. På veg ut av ein sving får ho sleng på bilen.

Autovernet var som ein rampe

— Den gjekk frå den eine sida til den andre. Så tok den av. Autovernet var som ein rampe. Bilen flaug gjennom lufta og landa med fronten ned i vatnet. Bølgjene slo opp på bilen. Vatnet steig inne. Eg var livredd, men eg fekk ikkje panikk, seier den røynde operasjonssjukepleiaren.

- Torde ikkje røra meg

Det er om lag fem høgdemeter ned frå autovernet til vasskanten. Firehjulstrekkaren står med heile snuten ned i vatnet. Bakhjula heng i fjæresteinane.

— Eg torde ikkje røra meg. Livredd for at bilen skulle gli heilt ut i vatnet og ned. Då trur eg ikkje eg hadde overlevd.

Til all lukke vart ho ikkje skadd i flygeturen. Tryggingsselen var på, men airbagen løyste seg ikkje ut. Kanskje ei lukka det òg. Mobilen var innan rekkjevidde.

Medan det iskalde vatnet steig opp til baken min, fekk eg tak i mobilen

Døra gjekk ikke opp

— Eg mista ikkje fatninga. Medan det iskalde vatnet steig opp til baken min, fekk eg tak i mobilen og ringde 113. Det redda meg. Vaktoperatøren på AMK visste med ein gong kva han skulle gjera. Han var heilt fantastisk. Det første han ville vita var kor eg var. Og det visste eg nesten presis, sidan eg har køyrt denne vegen så mange gonger.

— Så spurte han om eg kunne opna døra. Det gjekk ikkje. Trykket frå vatnet utanfor var for sterkt. Vindauga er jo heller ikkje noko du kan rulla mekanisk ned, alt er elektrisk på nye bilar, veit du. Merkeleg nok var ikkje straumen gått. Vindauga gjekk ned, men eg trur ikkje eg hadde klart å koma meg ut der, fortel Holvik.

Trafikken langs Jølstravatnet er ikkje stor denne vintermorgonen, 18. desember 2010. Nokre bilar køyrer forbi, men dei ser ikkje bilen som står med lysa på ned i vatnet.

Klissvåt, kald og redd

Inne i bilen sit den 56 år gamle kvinna. Kledd i vinterjakke, skjerf og med stillongs under buksene. Ho snakkar framleis med AMK. Tida går. Ho er klissvåt, kald og redd.

Alarmen gjekk i Førde straks ho ringde. Ambulanse og redningsfolk er på veg. Oppe på vegen får ein trailersjåfør auga på bilen i vatnet. Frå sitt høge kuskesete ser han meir enn dei fleste. Mannen stoggar vogntoget og får stoppa ein privatbil.

Saman tek dei to karane seg ned den korte, men bratte skråninga. Margareta har framleis AMK på øyra og fortel at ho er oppdaga.

— Dei opnar bakdøra på Suzukien. Eg klatrar bakover og ut. Skinnveska mi som flyt inne i bilen, får eg òg røska med meg. Ein damerefleks det der, seier ho og smiler.

I mellom femten og tjue minuttar har ho sete i isvatnet. Heile tida har ho snakka med AMK-operatør Kristian Bøe.

Klissvåt blir ho varma opp i ein privatbil til ambulansen kjem. Medan ho ventar på den, ringjer ho heim til mann og barn på Sandane. Ho fortel at ho blir litt forseinka. Ho seier ho har hatt eit lite uhell, vil ikkje uroe dei for mykje.

- Då gret eg

- Så kald og så roleg?

— Eg var redd, men eg mista ikkje fatninga. Telefonsamtalen til 113 redda meg. La oss halde på det nummeret, ikkje rot det til med eit fellesnummer. Når ein ringjer 113, så veit eg at ein møter profesjonelle folk og at dei raskt sender ut naudsynt hjelp. Eg trur det hjalp at eg kan systemet; eg vart ikkje hysterisk.

Først då ho traff Kristian Bøe, mannen ho hadde snakke med i telefonen heile tida, knakk ho saman.

— Då han kom ned på mottaket på sjukehuset til meg, då gret eg.

Margareta Holvik er operasjonssjukepleiar på Førde sentralsjukehus. Ho kjem frå Strömsund i Sverige, er gift og har to barn. Sjølv etter 22 år på Sandane bryt ho på svensk.

Dei siste 14 åra har ho pendla dei åtte mila mellom jobb og heim. Ho køyrer den lange vegen året rundt, og nyttar tida til fintenking på livets små og store spørsmål. Aldri før har ho hatt eit uhell.

Ein kan lett tru at ein sjølv er udødeleg. No ser eg kor små marginane er.

- Livet er veldig skjørt

- Kva tenkjer du no i ettertid?

— At livet er veldig skjørt. Eg var glad eg hadde ein så solid og tung firehjulstrekkar. Ein lettare bil hadde hamna lenger ut i vatnet. Då trur eg at eg hadde drukna. Eg ser jo mykje i jobben, og ein kan lett tru at ein sjølv er udødeleg. No ser eg kor små marginane er.

Vi har køyrt saman til staden ulukka hende ved Jølstravatnet, om lag ein kilometer vest for Ålhus. På vegen tilbake, på vegen mellom Vassenden og Førde, viser Margareta meg ein stad.

— Her døde ein ung gut i ei ulukke. Eg var på vakt, men vi klarte ikkje å redda han. Han tenkjer eg på kvar einaste gong eg køyrer forbi her, seier ho stille.

Det er roleg i bilen ei stund. Margareta ser rett på meg og seier tankefullt: Nei, det var nok ikkje min tur denne gongen.

BILEN I VATNET: Her er bilen festa og på veg opp frå det kalde Jølstravatnet 18. desember 2010.
FIRDA. NO-TIPSAR
TILBAKE: Margareta Holvik ved staden der ho redda livet. Då ho køyrde i vatnet her i desember var det ikkje is på Jølstravatnet.
ØYSTEIN TORHEIM