Ei demning under Harbardsbreen har brote saman. Vatn frå eit magasin på toppen av breen har funne veg ut gjennom to breportar, to gapande hol i front av ismassivet.

Store vassmassar fylte opp og fløymer over kraftmagasina ved Fimlemyrane i Luster.

Klokka 18.05 melde politiet i Sogn og Fjordane at det ikkje blir sett i verk evakuering, slik det lenge var fare for.

Vasstanden har auka og det renn over demningen, men det skal ikkje være fare for nokon bebuarar. Forholda blir kontrollert, og det er beredskap i området.

— Aukar mindre no

— Politiet seier at det no ikkje blir naudsynt med evakuering, seier Svein Hove i Hydro energi til bt.no klokka 18.10.

Då skulle vatnstanden vere på det høgaste.

— Magasinet har teke inn større vassmengd enn normalt, men vasstanden aukar mindre no enn han gjorde tidlegare i dag, seier informasjonssjef Bjørn Skaar i Norsk Hydro.

Ifølgje Skaar ser det no ut til at det vil verte overløp, men at det vil verte eit kontrollert og handterleg overløp.

— Eit ukontrollert overløp ser vi ikkje som sannsynleg, seier han.

— Om det ikkje skjer noko meir uforutsett oppe i breen, er situasjonen under kontroll, men ein veit jo ikkje korleis breen vil oppføra seg framover, legg han til.

Går frå dør til dør

Tidlegare i dag sette politiet gang arbeidet med å informere husstandar nær Fortunselva.

— Vi går rundt og varslar bebuarane i Fortunsdalen om at det kan bli høg vassføring,sa Vereide.

Politiet bad folk som ikkje hadde strengt nødvendige ærend i Fortunsdalen, om å halde seg unna. Vegen opp til Nørdstedalsseter blei stengd.

— Førebels er det ikkje aktuelt med evakuering. Stemninga er roleg, sa brannsjef Agnar Kveane i Luster til bt.no klokka 15.45.

Vi må berre be og håpe på det beste. Eg er nervøs Sonja Kristin Bjørnevåg, nabo til Fortunselva

Rømmer til naboar

Sonja Kristin Bjørnevåg er gardbrukar i Fortunsdalen. Då bt.no ringjer, er ho i ferd med å flytte dyr som står usikkert til. Slik det såg ut då, ville elva fløyme over klokka 18.

— Eg reknar med at det kjem til å gå vatn over tunet vårt då. Vi reiser til naboar når dyra er trygge, seier Bjørnevåg.

I fjor måtte trebarnsmora rømme med traktor saman med familien då elva fløymde over og fossa inn i huset etter ein periode med mykje regn.

— Eg håper ikkje det blir like gale denne gongen. Vi må berre be og håpe på det beste. Eg er nervøs, seier ho.

- Ikkje noko kjekt

Også naboen, Oddny Urnes, var uroa.

— Vi har fått melding om mogleg evakuering, så no er vi litt stressa, sa ho.

— Det er truleg ikkje fare for huset vårt. Men vi er bønder og har en del gras ved elva som ikkje er slått. Det er kjipt dersom det blir øydelagt. Då blir det mindre fôr til dyra til vinteren, sa Urnes.

Ho følgde spent med på om vatnet steig.

— Vi har fire små barn, så dette er ikkje noko kjekt, sa Urnes.

Luster energi og NVE overvåkar vasstanden kontinuerleg.

Årsaka til at Fortunselva aukar, er at bassenget til Hydro energi på Fivlemyrane tek inn meir vatn enn det klarar å sleppa ut. Ein isvegg har demma seg opp over utløpet til eit underjordisk basseng i Harbardsbreen. Etter at isveggen braut saman, kjem alt vatnet som har bygd seg opp, ut på ein gong.

- Berre å springe opp i skogen

Erik A. Fortun (85) bur berre 500 meter frå kraftstasjonen og er dermed næraste nabo.

Sjølv tok 85-åringen det med ro.

— Det er ikkje sikkert det går over breidda. I tilfelle er det berre å stikke opp i skogen, seier han.

Han har opplevd ein gong før at jordet hans blei øydelagd då det kom vatn inn på eigedomen. Det var under bygginga av dammen for 40 år sidan. Han frykta det kunne bli materielle skadar denne gongen også.

Artikkelen held fram under bildet

Jobbar på spreng

HMS-leiar i Hydro Energi, Svein Hove, er óg på plass i Fortun.

— Vi har halde auge med innsjøen inne på breen over lang tid. I går oppdaga vi at han var i ferd med å tømme seg, seier Hove.

Han forklarar at breen i utgangspunktet er tett, men at når det samlar seg mykje vatn, vil det til slutt finne ein veg ut.

— Det hadde fløymt direkte ned i dalen viss det ikkje var for at vi har eit regulert vassmagasin like ved.

No vert det jobba på spreng med å ta unna så mykje vatn som mogleg.

— Vi har opna alle lukene i inntaksmagasinet til kraftverket og tar ut maksimalt med vatn frå dammen, seier han.

Fortun kraftverk køyrer for fullt og tar unna fleire millionar liter vatn i sekundet til kraftverket.

I tillegg vert det sendt ut maksimalt med vatn til Fortunselva.

— Vi bruker dei verkemidla vi har for å ta unna så mykje som mogleg. Situasjonen vert følgt frå minutt til minutt. Men førebels minkar det ikkje på vassmengda frå breen, seier han.

Skjer svært sjeldan

Ifølgje vakthavande hydrolog ved Norges vassdrag og energidirektorat (NVE) er det mange år mellom kvar gong det skjer eit såkalla jökulhlaup i Norge.

— Det spesielle er at det skjer svært fort. Vatnet skyt ut frå breen, og kraftverksmagasinet stig raskt, forklarer hydrolog Thomas Skaugen ved NVE.

Han seier dei er usikre på kor mykje meir vatn som vil kome.

— Vatnet er delvis skjult av breen, så det er vanskeleg å vite kor store mengder det er snakk om. Innsjøen vil truleg tømme seg i løpet av eit døgn eller to, seier han.