• Det var ei enorm vilje til å hjelpe til. Hadde det ikkje kome hjelp utanfrå er det uvisst korleis det hadde gått, seier redningsleiar Eirik Walle.

Det var torsdag føremiddag at hovudredningssentralen blei varsla om at tankskipet YARA Gas III tok inn store mengder vatn. To helikopter og eitt fartøy rykka ut til tankskipet som var på veg frå Sarpsborg til England.

skjermdump.jpg

Ingen evakuerteEit mannskap på ni personar var om bord på det 80 meter lange skipet, som låg 50 nautiske mil aust for Ekofisk, då det byrja å ta inn vatn. Ingen av dei blei evakuerte.

— Det blei kontinuerleg vurdert om mannskapet skulle bli evakuerte, men det slapp dei heldigvis, seier redningsleiaren.

- Pumpene blei øydelagt

Mannskapet på YARA Gas var heilt avhengige av å få pumpekapasitet utanfrå, seier Walle.

— Dei hadde ingenting sjølve. Pumpene på skipet fungerte ikkje på grunn av dei store mengdene vatn som kom inn i maskinrommet.

— Både pumper frå 330-skvadronen og frå andre skip i nærleiken gjorde at me klarte å halde unna vatn. Skipet tek framleis inn vatn, men det har gått greitt i natt takka vere pumpene, fortel Walle.

Blir slept til Skagen

Klokka 06.00 fredag morgon var slepebåten Boa Balder på plass frå Stavanger for å slepe lasteskipet til Skagen i Danmark.

Det er venta at dei vil vere framme laurdag klokka 14.00, ifølgje Walle.

Årsaka til lekkasjen er førebels ikkje kjent.

— Når skipet kjem til Skagen blir det lagt i dokk for å undersøke kva som kan vere årsaka, seier leiar i rederiet Larvik Shipping, Espen Tollevik.

— Mannskapet har greit etter forholda. Det har nok vore ein del slingring i natt, men takka vere den store viljen til å hjelpe til frå alle som var i nærleiken, seier Walle.