Statens naturoppsyn sine kuler fall 16. mars ved Bessefjell, som ei direkte følgje av rovviltforliket i Stortinget i fjor. Forliket tillet ekstraordinære uttak av bjørn som dette, fordi ungdyret var langt utanfor områda som Stortinget har prioritert for ynglande bjørn i Hedmark og Trøndelag, og fordi han var mistenkt for å ha teke livet av sau i Telemark.

— Det er ikkje nytt at hannbjørnar dreg på lange vandringar som dette. Det kan godt henda at fleire etter kvart kjem ut av hia sine også i vestlege område, seier Kjartan Knutsen, sjef for rovviltseksjonen i Statens naturoppsyn.

Første på 63 år

Mindre enn eit døger etter at Direktoratet for naturforvaltning gav fellingsløyve for Telemark-bjørnen, låg bamsen livlaus i snøen. Eit fellingslag på seks mann frå Statens naturoppsyn og to lokalkjende tok seg fram til fots og spora bjørnen på ei blanding av skare og barmark i eit vanskeleg terreng, ifølgje Knutsen.

Det var Telemark Sau- og geitealslag som søkte om fellingsløyvet som førte til nedskyting av bjørn i fylket for første gong sidan ein hannbjørn blei teken av dage i Vinje våren 1949. Uttaket av det streifande dyret blei gjort for å hindra skade på sau i den komande beitesesongen, presiserer Direktoratet for naturforvaltning.

— Vi er veldig observante på bjørnar som kjem ut av hiet. Vi har før hatt aktivitet av bjørn i både Buskerud og Telemark, og det kan vera fleire i området, utan at vi i det siste har registrert fleire enn den som no er felt, seier Kjartan Knutsen.

Direktoratet oppfordrar folk til å melda frå om bjørnespor.

«Statens klappjakt »

Naturvernforbundet reagerer kraftig på denne forma for rovdyrjakt. Leiar Lars Haltbrekken ber om at folk ikkje melder frå til styresmaktene om bjørnespor, for å forhindra det han kallar statens klappjakt på rovdyret.

— Når bjørnen får sett sine første spor i vårsnøen utanfor hiet, vil statens representantar vera der med helikopter og snøskuterar og gjera kva dei kan for å ta livet av dyra. Bjørnen, som er sterkt truga, er sjanselaus, seier Haltbrekken.

Naturvernforbundets leiar peikar på at det i fjor blei registrert seks norske bjørnekull, under halvparten av det nasjonale målet, og at det i fjor blei gitt erstatning for 3850 sauer tekne av bjørn. Det er ein nedgang på 20 prosent frå 2010, og 45 prosent frå 2009.

- Eit lågmål

— Å skyta ned vårgroggy, veike dyr – som endåtil er blant dei aller mest truga pattedyra vi har – representerer forvaltningspraksis på eit lågmål, skriv forbundets fagleiar Arnodd Håpnes i ei pressemelding. Han minner om at vårsnøjakt på bjørn er ei jaktform som har vore forbode i snart 80 år.

— All kjend kunnskap fortel oss at dette er ei kontroversiell form for forvaltning av raudlista artar. I tillegg er ho etisk uakseptabel, og vi veit jo ikkje om den bjørnen vi skyt utanfor hiet om våren er den som gjer skade i saueflokken to månader seinare, seier Håpnes.

Like ved Hordaland

Telemark-bjørnen blei skoten fem–seks mil frå grensa til Hordaland og Rogaland, to fylke som har vore utan sikre bjørneobservasjonar i fleire tiår. Derimot har Sogn og Fjordane hatt ei aukande mengd observerte streifdyr. 15. juni 2008 blei ein hannbjørn skoten i Fjærland etter å ha skadd saueflokkar i både Gaular, Førde og Sogndal. Det var første bjørnefellinga i fylket sidan eit jaktlag skaut ein hannbjørn i Luster i 1956.

Kva meiner du om bjørnejakten? Sei di mening!

Bjørn i vest.jpg