Den gamle treskøyta til Risnes blei heva av kranfartøyet «Eidelift 6» tysdag ettermiddag. Då havaristen braut sjøflata kunne alle som følgte berginga sjå kor nær skipsuhellet tidleg mandag morgon var ein tragedie.

Eg er skremd over kor store skadane er

BØRGE RISNES

Vekt av braket

Børge Risnes og hunden hans Canto låg og sov akter i skøyta, like i nærleiken av punktet der baugbulben til den tusen tonn store brønnbåten «Øystrand» trengte seg inn i 49-fotaren. Risnes blei vekt av braket, og kom seg i land ved hjelp av ein stige. Hunden måtte i sjøen før han nådde land.

— Eg er skremd over kor store skadane er. Rett over holet i skroget låg eg og sov, forklarar Risnes.,

Mista maskinkrafta

Uhellet på Stord skjedde då «Øystrand» skulle leggja frå Leirvik kai. Fartøyet mista maskinkraft til å bakka, og seig forover i hamna.

I tillegg til at Børge Risnes si 61 år gamle treskøyte blei knust, fekk også to andre båtar skader, og hamnevesenet si flytebrygge i betong blei knekt på midten. Med bergingsaksjonen i dag er det tale om ein kostnad på fleire hundre tusen kroner som følgje av den tekniske svikten i «Øystrand»s maskineri. Treskøyta blir inntil vidare plassert på Eldøyane på Stord.

SISTEREIS: Børge Risnes sin knuste båtdraum på lekteren til Eide Marine Services etter berginga tysdag ettermiddag. Foto: Ove A. Olderkjær

NEDKJØRT: Børge Risnes (37) låg og sov om bord då treskøyta hans blei rent i senk av ein tusen tonns brønnbåt i halv fem-tida. FOTO: Ove A. Olderkjær
OPP I DAG: Den nedrente treskøyta er heva, dagen etter den dramatiske kollisjonen i Leirvik hamn. Foto: Ove A. Olderkjær