TERJE ULVEDAL

ODDLEIV APNESETH (foto)

— Timinga kunne vel ikkje vore betre, seier Solveig Berg Lofnes. Museumsleiaren smiler frå øyre til øyre dagen etter at alliansen mellom Jølster kommune og kunstmusea i Bergen og Sogn og Fjordane sikra seg alle dei 12 trykkplatene til Ludvig Eikaas som blei selde på auksjonen hos Blomqvist. Telefonen har knapt stått, og Berg er glad for at dei har kome langt med å montere utstillinga som opnar i dag.

— Vi håpar sjølvsagt på at interessa for Eikaas skal bli endå større, seier Berg Lofnes.

— Har du døme på at det har skjedd?

— Ja, siste dagane har tre personar kontakta oss og spurt om vi har Eikaas for sal.

Hest i vinden

Berre nokre soklar manglar, så er utstillinga montert til dagens opning. Utstillinga viser spennvidda i produksjonen til Eikaas, frå dei første kunstverka rett etter krigen og til nær 2000.

— Utstillinga viser korleis Ludvig Eikaas jobba med mange teknikkar i kortare periodar, og så kom han tilbake til det same seinare, seier Berg. Ho eksemplifiserer med dei to utgåvene av «Jeg» som besøkjande kan sjå på Eikaasgalleriet denne sommaren. Den eine eit måleri frå 1970, den andre som linoleumstrykk frå 1990.

At Eikaas hadde ei særleg interesse for hestar, går også tydeleg fram av utstillinga. På mange måtar er hesten eit symbol for Jølsterkunstnaren. Mellom bileta som blir vist på utstillinga er «Hest i vind», der trykkplata blei selt for svimlande 700.000 kroner, utrulege 20 gonger dyrare enn utropspris.

— Det er eit kjent bilete, eit av hans beste verk, seier Berg som forklaring på kvifor nett denne plata braut ein rekord hos Blomqvist.

Eit nasjonalt skup

Inkludert avgifter må kjøparane ut med over 2,2 millionar kroner for dei 12 trykkplatene.

— Det blei mildt sagt meir enn nokon hadde rekna med, seier rådmann i Jølster, Jostein By.

Det var avdelingsdirektør Audun Eckhoff ved Bergen Kunstmuseum som sat i Bergen og baud på telefon. I følgje By hadde han vide økonomiske fullmakter. På førehand hadde vestlandsalliansen konferert med Nasjonalgalleriet som også var interessert i nokre av trykka. Dei skulle ikkje by mot kvarandre. Men då Nasjonalgalleriet hoppa av, tok Eckhoff over.

No skal By diskutere finansiering av kunstkjøpet med samarbeidspartnarane, først og fremst Bergen Kunstmuseum, men også Sogn og Fjordane.

— Vi har positive tilbakemeldingar frå private investorar som er villige til å bidra, seier By som utelukkar at nokre av platene kan kome i privat eige.

— Det blir snakk om å hjelpe til med finansieringa. Eg håpar næringslivet, som ofte skuldar det offentlege for å vere seine på avtrekkjaren, vil vite å setje pris på det vi har gjort. Dette er eit skup i nasjonal samanheng, seier By.

— Har det vore stort trykk for å få tak i desse trykkplatene?

— Vi har hatt pågang både frå privatpersonar og institusjonar.

Og i går kveld kunne dei endeleg bere trykkplatene inn i Eikaasgalleriet.

oddleiv apneseth