I sommarvêret dei siste dagane har Pieter hoppa fire gonger frå høgaste punktet på brua som kryssar innløpet til Ikjefjorden på sørsida av Sognefjorden. Før han tok spranget frå toppen, gjorde han nokre testhopp frå lågare punkt på den 340 meter lange brua.

— Eg har alltid likt å utfordre meg sjølv. Desse hoppa har vore kjempegøy, seier han.

Også broren Daniel på 13 har hoppa frå høgaste punktet ein gong.

Gjere det rette

Seglingshøgda under Ikjefjordbrua er 18 meter på full flo. Til der Pieter står på køyrebana er ytterlegare eit par meter. Og i tillegg var det eit godt stykke frå flo sjø då han sleppte seg utfor. Den sannsynlege høgda har vore 21 meter.

**Les også:

— Ikkje for alle**

— Frå så stor høgde går det faktisk ganske lang tid i lufta. Eg tenkjer berre på å halde kontrollen, og ikkje lande feil. Eg konsentrerer meg om å gjere det rette. Men det blir eit bra dragsug i magen, seier guten som fyller 15 i sommar.

— Er du ikkje redd?

— Nei, ikkje så veldig. Men akkurat når eg står på toppen av brua og skal til å hoppe, er det litt skremmande. Då har eg nokre sommarfuglar i magen.

Før han kom på ferie til Sogn denne sommaren, var ti meter det høgaste Pieter har hoppa frå.

Mor såg ikkje på

Mor Marianne er ikkje berre glad for sommarferieaktiviteten i Ikjefjorden.

— Kva ei mor syns om slikt? Denne guten har alltid vore slik. Som mor kan eg leggje ned forbod, men eg er usikker på om det ville hatt noko verknad. Han ville nok gjort det likevel. Men eg er ikkje nett overbegeistra. På den andre sida er han ein ansvarsfull gut som har god kontroll på kroppen sin.

Talentet for ein viss ekstremsportaktivitet kom tidleg til syne hos eldsteguten. Familien budde på Kyrkjebø før. Der fekk dei ein dag telefon frå barnehagen som kunne fortelje at då tre år gamle Pieter sat i toppen av eit tre.

— Han hadde klatra så høgt at dei ikkje fekk han ned att, hugsar mora.

Sjekka djupna

Ungane i familien Bezuijen har god trening i å hoppe og stupe frå store høgder. Der dei bur på Austlandet, er ein vanleg aktivitet å hoppe frå eit stillas og ned i ei elv.

— I grunnen syns eg det er skumlare, for der i elva er det ganske grunt. I fjorden er det djupare, og dei undersøkte djupna før dei hoppa, seier Marianne.

Foreldra var meir skeptiske då den yngre broren Daniel skulle hive seg utfor.

— Ja, det var vi. Men det gjekk bra. Etterpå seier han at det var gøy, men at han ikkje kjem til å gjere det fleire gonger. Då blei eg glad, seier Marianne.

— Har du sett sønene hoppe?

— Nei, det har eg ikkje gjort.

Heller ikkje Pieter har planar om fleire hopp:

— Eg trur ikkje det blir fleire gonger denne sommaren.

Hva er det høyeste du har hoppet fra? Legg inn dine kommentarer under!

Geir Ivar L. Ramsli
Geir Ivar L. Ramsli
Geir Ivar L. Ramsli
Geir Ivar L. Ramsli