24. mai i fjor gjekk tankane T3 og T4 i lufta ved Vest Tank sitt anlegg i Sløvåg. I løpet av få minutt blei 460 tonn gass frigjort i eksplosjonen. Mykje brann opp umiddelbart, men store mengder gass gjekk likevel til vers og vart spreidd med vinden over eit større område. Rundt 1000 menneske bur i området som vart ramma.

Kartet er den første simuleringa av kor gassen gjekk dei første sju timane etter eksplosjonen. Simuleringa er gjort av bergensselskapet Powersim Software og kartmakerfirmaet Norkart.

Se animasjon av korleis gifta spreidde seg!

Pinselukt

Kartsimuleringa viser langt meir nøyaktig enn tidlegare kvar gassane frå Vest Tank gjekk etter eksplosjonen. Eivindvik, den største tettstaden i kommunen, vart blant anna treft av gassane tre timar etter smellet.

Tidlegare har mellom anna Folkehelseinstituttet gått ut frå at gassane gjekk nordvest mot Dalsøyra, sju kilometer i luftline unna tankanlegget i Sløvåg. Området rundt Dalsøyra fekk den hardaste medfarten av gassen — med størst konsentrasjon av svoveldioksid.

— Dette stemmer med det folk har sagt at dei opplevde den dagen. Men også utanfor dette området merka folk lukta, seier ordførar i Gulen, Trude Brosvik.

I simuleringa har Norkart og Powersim Software gått ut frå at nitti prosent av gassen som utvikla seg i eksplosjonen, vart brent opp. Resten vart spreidd med vinden.

— Det er eit moderat anslag, seier Kjell Næss i Norkart.

Den første bølgja med giftstoff set framleis spor etter seg. Kommunelege Tommy Norman fekk sist i pinsa melding om den gamle Sløvåg-stanken så langt unna som sunnfjordsbygda Bygstad. Det er 140 kilometer i luftline mellom Bygstad i Gaular og Sløvåg.

Varme gav plager

— Restar frå giftskya etter eksplosjonen ligg framleis i marka. Når det blir varmt, slik det var i pinsa, blir det skapt lommer med dårleg lukt. Når du såg den mørke skya som kom med gift, er det ikkje rart at det framleis ligg restar i naturen, seier Norman.

Han meiner kartet stemmer overeins med kor folk fekk plager.

— Det tok berre nokre få timar, så hadde vi lukta også i Eivindvik. Men jo lenger nord, jo meir fall konsentrasjonen, seier Norman.

Mange fekk plager både umiddelbart etter eksplosjonen og utover sommaren i fjor. Høge temperaturar gjorde at det giftige avfallet på Vest Tank-anlegget sendte illeluktande gassar mot bebygde strøk. Innbyggjarane blei plaga med kvalme, opphovna og irritert hals, mista smakssans og irriterte auger.

— Det er vanskeleg å seie kor stor verdi den første bølgja hadde. Den første var den verste, og den som spreidde giftstoffa rundt, seier kommunelegen.

Håp om hjelp

Tone Haveland, direktør i Powersim Software, har sjølv anar frå Haveland i Gulen. Det er så langt som giftskya kom i løpet av dei første sju timane, ifølgje simuleringa.

— Dei berekningane som var før, var for upresise. No kan folk lettare sjå kor gassen har gått og sjå spreiinga, seier Haveland. Ho håpar kartet kan hjelpe både Folkehelsa og andre som skal ta avgjerder og prøver.

— Til dømes har ikkje tidlegare kart vist at gassen nådde Eivindvik, den største tettstaden i Gulen, seier Haveland.

Kartet er laga med basis i vinddata frå Statoil Mongstad, rett over fjorden for Sløvåg. Desse fins berre for dei fire første timane etter eksplosjonen. Deretter er vinddata frå Fedje brukt, korrigert for avviket mellom Mongstad og Fedje i eksplosjonsøyeblikket.

Synspunkt? Diskuter Sløvåg-skandalen i kommentarfeltet nedanfor.

SPREIING: Kartet viser kor langt gassane frå eksplosjonen rakk. Dei raude felta er kritisk konsentrasjon.