Indrebø har montert eit viltkamera med automatisk utstyr som tek bilete av saueflokken døgnet rundt. Ein morgon i midten av april gjekk det inn med eit blinkskot.

Fotografiet viser ørna som flyg lågt over utegangarsauene hans og to nyfødde lam som ligg på bakken.

— Denne gongen fekk ho ikkje med seg noko. Lamma lever i beste velgåande, seier Indrebø.

Miste to lam

Det var etter at han miste to lam i fjor at hobbybonden i Sogn bestemte seg for å ta skeia i eigne hender. Ifølgje avisa Firda tek kameraet han har montert 500 bilete i døgnet.

— Eg er lei av debatten der Mattilsynet og andre klagar på bøndene for store dyretap og trugar med beitenekt. Dei bør i staden prøve og gjere noko med årsaka. Dei siste åra har det blitt mykje meir ørn. Vi ser dei stadig. Eg ønskjer ikkje at rovdyra våre skal utryddast, men det må kunne gå an å halde stammane litt i sjakk, seier han.

— Men er du sikker på at det var ørna som tok lamma dine i fjor?

— Ja, brennsikkert. Det var snø då dei forsvann. Det fanst ikkje eit einaste spor inn til området der dyra går, verken av to- eller firbeinte, seier Indrebø.

Ser ørna ofte

Indrebø har 21 lammesauer av rasen svartfjes, ein skotsk utegangartype. No i vår ventar han kring 25 lam.

I tillegg til å sjå til dyra ofte, har han også strekt strengar over innhegninga slik at det skal bli vanskeleg for ørna å kome til.

— Vi ser ho ofte oppe i fjellsida, så ho held seg her i området.

Fotografia kameraet tek, går han gjennom kvar einaste dag.

— Dette dokumenterer vel rimeleg godt at ørna jaktar på lam, seier han.