TERJE ULVEDAL

Politiet valde i går å offentleggjere videobilete som er tatt av eit overvakingskamera på bensinstasjonen i Førde sentrum. Opptaka er gjort over ein periode på kring ti sekund klokka 09.10 måndag morgon, altså vel eitt døgn etter drapet og tre timar før sjukepleiestudenten blei funnen drepen. Ein god halvtime tidlegare har eit vitne sett ein mann med hettegenser komme ut frå åstaden i Angedalsvegen.

I forhold til drapsstaden ligg Esso-stasjonen på andre sida av elva Jølstra som renn midt gjennom Førde. I dette området går det ei gangbru over elva. Over brua er avstanden frå åstaden til Esso-stasjonen kring fem minutt normal gange. På videoen går «hettemannen» forbi stasjonen og vidare nedover langs elva mot sentrumsområdet. Dermed kan han ha komme frå området ved gangbrua.

Sett ved åstaden

På deler av opptaket ser mannen omtrent rett på overvakingskameraet. Men sjølv om mannen passerer kameraet i ein avstand som ikkje kan vere stort meir enn kring 15 meter, er kvaliteten så dårleg at det er uråd å sjå ansiktet skikkeleg.

— Vi vurderte først kvaliteten så dårleg at det ikkje ville vere noko vits å vise opptaket, seier politiadvokat Sissel Kleiven. No er målet at opptaka skal gje folk eit betre inntrykk av mannen, og dermed nye tips.

Vitnet som såg ein mann komme ut frå åstaden, har forklart at han hadde hetta snørt tett saman rundt hovudet. Han virka forvirra, og la ikkje ein gong merke til vitnet sjølv om dei var ganske nær kvarandre. Mannen på overvakingskameraet har ikkje hetta på.

Også fem minutt etter at Anne Slåtten blei funnen er det observert ein mann med hettegenser. Mannen kom også då ut frå skogholtet, men på andre sida. Her går det ein sti opp til parkeringsplassen ved Førde ungdomsskule. Her kasta han seg på ein sykkel, køyrde i stor fart inn på Kyrkjevegen og vidare ned til Angedalsvegen.

Også kort tid før drapet om morgonen søndag 6. juni er ein mann med hettegenser observert. Mannen kom frå området ved Vie senter, sykla over Fossebrua og heldt fram ned Angedalsvegen. Dette er same strekningen Anne Slåtten gjekk då ho skulle på jobb.

Prioritert

Dei fire vitneobservasjonane stemmer relativt godt overeins. Alle har fortalt om ein mørk hettegenser, nokre meiner klesplagget hadde ein kvit firkant framme. Fleire av vitna har fortalt at mannen dei såg hadde lysare bukser, slik videobileta viser.

Politiet er nøye med å understreke at det slett ikkje er sikkert at det er same person som er sett fleire stader i sentrumsområdet både drapsmorgonen og dagen etter.

— Det kan godt vere at vi snakkar om fleire personar. Eg vil understreke at vi etterlyser mannen, eller mennene, som vitne, seier politiadvokat Sissel Kleiven.

Uansett syner gårsdagens offentleggjering at politiet no heilt klart har det som ei høgt prioritert oppgåve å finne ut kven dette er. Tysdag viste dei fantomteikningar av mannen på ein pressekonferanse i Førde.

I etterkant av etterlysinga tysdag har det komme inn kring 30 tips, fleire av dei på namngjevne personar. Nokre av tipsa gjeld også ein annan etterlyst person, den såkalla «haikaren» som ba om skyss i Førde sentrum nokre timar før drapet. Fleire av personane som er nemnde med namn, har vore inne til avhøyr.

— Men så langt har vi ikkje noko gjennombrot i etterforskinga, seier politiadvokat Kleiven.

<b>MANN MED HETTEGENSER:</b> Desse bileta er tatt av eit overvakingskamera ved Esso-stasjonen i Førde morgonen etter drapet på Anne Slåtten. Kort tid før blei ein mann med liknande hettegenser sett då han kom ut frå åstaden.