Hordaland

  • E39 i Lindås: ny veg mellom Eikefet og Romarheim.
  • E39 i Bergen: tunnel mellom Nyborg og Nordhordlandsbrua.
  • E39 i Bergen: Eikåstunnelen (startløyving i år).

_ENDELEG? Folk på Vikaleitet har aksjonert mange gonger for å få Eikåstunnelen.

ARKIVFOTO: ODD MEHUS_

  • Rv. 555 Sotrasambandet (på tale som stamveg).
  • E39 Bergen-Os: Ny veg Rådal-Svegatjørn.
  • E39 Bergen-Stord. Ferjefri veg.
  • E16/Rv.13: Vossapakken (startløyving i år).
  • E134 i Etne: Ny veg mellom Lauareid og Ståvatn.
  • E134 over Haukeli. Tunnelar forbi Røldal.
  • Bergensprogrammet del 2. Inneheld Bybana frå Nesttun til Lagunen, Ringveg vest frå Sandeid til Vestre innfartsåre ved Lyderhorn og Skansetunnelen. Bergensprogrammet del 2 er ikkje stamveg, men det er venta at regjeringa i NTP vil opplysa om sitt bidrag til finansieringa av pakken.Sogn og Fjordane
  • E39 Lavik-Vadheim. Tunnel Torvund-Teigen.
  • E39 Lavik. Omleggjing av ferjekaien.
  • Rv. 5: Ny Loftesnes bru i Sogndal.
  • E16 i Lærdalen: Ny veg mellom Seltun og Stuvane.
  • E16 Filefjell: Tunnelar frå Borlaug til Maristova.

_RASFARLEG: Vegen opp til Filefjell er trong og farleg.

ARKIVFOTO: JOHN LINDEBOTTEN_

Riksvegar

Riksvegar vert normalt ikkje omtalt særskilt i NTP. Frå 2010 får fylkeskommunane ansvaret med prioritering og finansiering av riksvegar, som frå då av vert fylkesvegar. I NTP vil regjeringa venteleg fortelja kor mykje pengar ho vil overføra til fylka for dette formålet.

I Hordaland står m.a. fylgjande prosjekt på venteliste:

  • Tyssetunnelen i Samnanger.
  • Bomlopakken.
  • Kvammapakken.
  • Ny veg over Radøy (del av Nordhordlandspakken).I Sogn og Fjordane ventar:
  • Dalsfjordbrua

DALSFJORDBRUA knyter saman Askvoll med kommunane sør for Dalsfjorden .

  • Rv. 60 Innvik-Olden.
  • Ferjefritt og ny veg mellom Florø og Måløy.