— Eg trur ikkje me har lyst ut stillingar i Bergen sentrum på fleire år, seier butikksjef ved vinmonopolet i Valkendorfsgaten i Bergen sentrum, John Eirik Tetlie.

Butikksjefen viser fram ein tjukk papirbunke full av søknader. Alle er frå i år. Spesielt på hausten er pågangen stor, då mange håpefulle studentar kjem innom på jakt etter ein svært ettertrakta butikkjobb. Heilt bortkasta, skal ein tru vinmonopolsjefen.

— Interessa er veldig stor, og folk kjem innom med CV nesten dagleg. Men eg kan ikkje hugse sist me hadde ei ekstern tilsetjing i sentrum.

Må leve med deltid

Monica Berge er ein av dei som klarte å få seg ei deltidsstilling på Vinmonopolet for fire år sidan. For å få stillinga måtte ho skilte med dobbel utdanning, både som vinkelner og servitør, og over 20 års erfaring i restaurantbransjen.

— Eg trivst veldig godt i jobben. Her får eg utvikle meg heile tida og jobbe med kundekontakt, og me deler same interesse me som jobbar her.

Men stillinga på 22 timar i veka er ho lang frå nøgd med.

— Då eg søkte ville eg berre ha ein fot innanfor, men framleis jobbar eg berre deltid. Det er ikkje nok, for eg har ikkje noko anna jobb enn dette, seier ho.

Ein ringjerunde rundt til utsala i Bergen viser at butikksjefane svært sjeldan annonserer ledige stillingar. Vinmonopolet i Nesttun lyste ut ei ekstern stilling som ekstrahjelp, der dei fekk inn rundt 130 søknader.

Svært få sluttar

— Fulltidsstillingane blir nesten aldri gjort ledig. Me har ein svært stabil arbeidsstokk, der folk blir verande lenge. Dei deltidstilsette har fortrinnsrett, så det er ikkje noko poeng i å lyse stillingane ut, fortel distriktssjef i Vinmonopolet, Roy Skjelvik.

- Kvifor er det så populært å jobbe på polet?

— Det er ei statleg bedrift med ordna forhold. Arbeidstidene er veldig fine, løna er konkurransedyktig, og det me sel er noko mange er opptekne av.

Skjelvik nemnar også gode ordningar for kursing og opplæring, og høve til smaksprøvar på nytt sortiment, som attraktivt blant dei tilsette.

Stor frustrasjon

Men det er svært få på polet som får gå opp i fulltidsstilling. På Stord er det til dømes berre butikksjefen og nestleiaren som har fulltidsjobb, medan dei ti andre tilsette jobbar på deltid. Det er noko som kan skape stor frustrasjon blant dei tilsette, seier leiaren i funksjonærklubben i Vinmonopolet, Helge Storvik.

— Det er heilt klart stor frustrasjon over at folk må gå svært lenge i ufrivillig deltidsstilling. Det er litt av kvardagen vår, at me må gå inn og krevje økt stillingsprosent på bakgrunn av meirtid som vert jobba ut over den faste deltidskontrakten dei har.

Storvik forklarar dette med at hovudtyngda av salet skjer på torsdag, fredag og laurdag, og at det difor er vanskeleg for ha folk i fulltidsstilling.

I november vert det opna eit nytt vinmonopolutsal i kjøpesenteret Åsane Horisont. Heller ikkje her har det vore behov for å tilsetje eksterne, fortel Skjelvik.

Vinmonopolet er i gang med å sjå etter eigna lokale for endå eit utsal i Bergen, som sannsynlegvis vil bli i sentrum. Då ligg det an til knallhard kamp om det som kanskje er Bergens mest populære butikkjobb.

TJUKK BUNKE: Butikksjef ved Vinmonopolet i Valkendorfsgaten, John Eirik Tetlie, seier han les gjennom alle jobbsøknadene folk kjem innom med, men det fører bortimot aldri til tilsetjing.
ELIAS DAHLEN