Hei.

Landsstyret i Rød Ungdom har fått vite at Tjen Folket har hatt et fraksjonsmøte i forbindelse med RU-landsmøtet i helga, og har vedtatt å gjøre dette kjent i organisasjonen. Vi har mottatt et referat fra dette møtet, og jeg sender det ut her på Rødt-debatt òg, siden det i aller høyeste grad angår moderpartiet vårt.

hilsen

Åsmund Sunde Valseth

regionsansvarlig Midt-Norge


Fra RU-LS:

Vi har fått i hende et referat, og landsstyret har med dette blitt gjort oppmerksom at det har vært et fraksjonsmøte i Tjen-Folket i forbindelse med RU-landsmøtet.

Landsstyret vil gjøre oppmerksom på at fraksjonering er mot Rød Ungdoms vedtekter.

Landsstyret anser det som sin plikt å gjøre organisasjonen oppmerksom på dette.

Navnene under er dekknavn. Vi har kjennskap til de fleste av deres identiteter, men legger dem ikke ut her, av hensyn til personvernet.

Men; Paprika = RU og Smørbukk = SOS rasisme

Det gjeldende referatet er vedlagt under.

kh

Ingeborg på vegne av landsstyret

Hei!

Legg ut oppritet frå frakkemøtet (nei, ikkje alle hadde frakk, frakken min er til dømes ganske mange nummer for liten) før Paprika-LM. Enno meir info kjem etter at eg og Peder har møttest i morgon.

Paprika-møte før LM

Til stades:

Pfl: Olav, Knut, Peder

89: Thale, Alex, Åge

71: Mons, Balder, Jon Olav

17: Erlend, Alf

Klippfisk: Harald

Peder leia møtet, Knut skreiv opprit.

I tillegg er Emil, Ragnhild, Ida og Petter delegatar på LM. 17 reknar også med å verva Sigbjørn før LM.

Me las helsinga frå Oswald høgt. Applaus og roping av kommunistiske slagord og namnet på ulike kommunistiske leiarar opp gjennom historia.

Sakliste

1.0 Det generelle målet og opptredenen

1.1 Val av fraksjonsleiing

2.0 Snakka med folk

2.1 SST

2.2 Regionsansvarleg

3.0 Val

4.0 Program

5.0 Vedtekter

6.0 Korleis går me laus på fråsegna som LS har vedteke?

7.0 Eventuelle aksjonar frå utsida av LM.

8.0 Ymist

Tidsråme: Seinast ferdig kl.1900. Balder og Jon-Olav må gå 1715.

1.0: Det generelle målet og opptreden på LM:

— Å setja fram det klåre alternativet: mlm. Ingen skal gå frå landsmøtet utan å ha forstått hovudmotseiinga på LM;

— Kritikk av ultrahøgre;

Vil seia at me har interesse av å stikka kjeppar i hjula for desse, så lenge dette ikkje går på kostnad av punktet under. Ein lyt altså ikkje vera formaliaryttarar, i alle høve ikkje ri det for langt. Konsentrasjon om få slag - ta store kampar i staden for mange små. Taktiske vurderingar av å nøra opp under andre motseiingar - kan det vera lurt å røysta med den svakaste parten i lite viktige røystingar for å vinna folk?Unngå personleg kritikk.

  • Snakka med folk, må delast mellom seg. Sjå pkt.2.0.

— Å vinna fleire folk til oss.

— Gjennomgang av kven som skal på landsmøte og kva status folk har.

Spørsmål om KOR landsmøtet konkret skal vera (Nordseter skole). Møtet byrjar torsdag, men det er gute- og jentesamling den kvelden berre. Er det kor som er lurt å gå? Knyta seg sosiale band før den politiske kritikken.

Ein må også fylgja lina me hadde på Smørbukk-LM - ten folket-haldninga!

Ver viljug til å gjera ein jobb og smil pent også om det er leiinga som bed om praktisk hjelp, til dømes.

— Få fram kvifor me er betre enn berre å kritisera.

— Nytta argumentet med at det held med SU og AUF som sosialdemokratiske organisasjonar. Ein treng ein kommunistisk ungdomsorganisasjon.

— Maos militærskrifter - me er marginale, men kan vinna store sigrar. Ta utgangspunkt i dei motseiingane som finst.

— Lat vera å pressa inn «venstre» og «høgre» heile tida, sei helller «Æ e ueni' med den her person' på dætta punktet». Det er sjølvsagt høve til modifikasjon i dette spørsmålet.

— Kva er viktig: la av og til ting berre gå til røysting dersom det ikkje er viktige dokument. Papir er underordna - det som gjeld, er arbeid og kulturen rundt arbeid.

— Lat dei hundre blomene bløma. Ver audmjuk og lyttande - ikkje blærete og lærande. Frå massane til massane.

1.1: Val av fraksjonsleiing:

— PFL-leiinga på LM er Ragnhild og Thale. Kven som er hovudansvarleg, må ein finna ut av etterpå. Det er viktig å ha ei LEIING med ein frå kvar by.

— Tenkja plassering - men det viktige er å vinna folk elles, vinna røykjarane, dei som spelar spel, osb. Det er mogeleg å skapa seg «spesialbehov», slik at nokon «må» sitja framme. Thale tek seg av dette, slik at ho blir plassert langt framme.

— Peder, Knut og Kurt kjem til å vera i fysisk nærleik til LM store delar av helga. Kjem det til vald, tek Peder og Knut seg inn i salen.

— Delegasjonen må vera smidig - å ha to tankar i hovudet på ein gong.

— Viktig å ha eit trygt baseområde kor delegatane kan søkja naudhamn. Her vil Knut, Peder og Kurt opphalda seg

— Laga grupper av eit par-tre med ulik ansvarsfordeling for å sikra at alle oppgåvene blir løyste.

2.0: Snakka med folk:

Erlend skaffar liste over delegatat/lag. Dette skjer i morgon. Så tek PFL seg av ei fordeling som blir gjort kjend for våre folk på LM.

To målsetnader:

a) å få med folk til å røysta riktig.

b) å vinna folk på sikt, å markera seg.

Eitt distrikt er særleg viktig: Oslo, då me har svært lite innpass der.

Spørsmål om kvifor det ikkje er innpass i Oslo. Grunnane er at sentralt står sterkt der, i tillegg til at folk i moderpartia er TF-fiendtlege på 97-grunnlag. Dessutan er Paprika svake i Oslo, og ein ser lite til dei. UF har også hatt sitt baseområde her.

Samstundes er Oslo ein borg kor me må lura oss inn i ein trojansk hest.

Paprika er laust organisert i Oslo, men me har vårt eige baseområde å tilby - Smørbukk.

Folk må skaffa kontaktinfo på dei folka ein pratar med.

UF, korleis stillar dei seg til helga? Dei vil mest sannsynleg sova heime, men mange folk skal også overnatta hjå sentralt i eit par netter før LM.

UF har også med mange nye folk, og dette gjev oss spelerom.

Det er noko anna å vera dårleg enn å vera uskulert. Difor må ein ikkje gje opp folk jamvel om ein møter ein viss motstand.

Skriftleg røysting. Erlend og Jon Olav må freista koma seg inn i teljekorpset.

Framlegget til køyreplan - vedtaksbolken er sett til sundag - med unntak av at vedtektene skal røystast over på fredag kveld.

Kjenna ansvar andsynes folk.

Utkast til fordeling av kven me snakkar med etter region - denne må bli revidert, Knut og Peder gjer dette med hjelp frå Erlend måndag.

3.0: Valg:

3.1: SST - heilskapleg framlegg?

Delt sentralstyre med utval i to ulike byar (71 og 89)

SST:

— Peder

— Thale

— Alex

— Åge

— Torill

— Balder

— Mons

— Ragnhild

Varafolk:

— Jon Olav

— Alf

— Erlend

Ida vil ikkje stilla av personlege årsaker. LL har trukke kandidaturet sitt, men har sagt at ho kjem til å stø eit slikt framlegg frå salen.

Å stilla Peder som leiar vil gje dei blod på tann med éin gong, og vil gje dei ein del argumentasjon pga alderen. Kan henda er det betre å stilla Thale.

Til val må ein krevja å få røysta over kvart framlegg slik at ein får høve til å røysta mot dei - eller blankt.

Me må velja nestleiar: Ragnhild?

Ting å vera budde på:

— Peder blir for gamal. Løysing: Når Peder blir for gamal, rykkar andre folk inn/Kamp om at Peder får lov til å sitja perioden ut.

— Kjønnsjamvekta. Det er dei jævla nøye på.

Vedtektene seier mest sannsynleg at SST kan innehalda frå sju til elleve personar. Peder fyller tjuesju i perioden, det kan dei laga krøll på.

Dessutan er kutymen at SST blir utgjort av eit oddetal folk, og minst 50 % skal vera damer.

DET ER VIKTIG AT INGEN GÅR MED PÅ Å BLI VALD ANNA ENN I BLOKK!

3.2: Regionsansvarleg:

— Erlend stillar som regionsansvarleg

— I tillegg føregår eit ordskifte om dette i 71. LL eller Ragnhild?

Paprikalaget i 71 kjem til å ta opp dette på møte i laupet av veka og fremja Ragnhild. LL har ikkje støtte i laget og har dessutan hatt noko dårleg praksis andsynes avdelinga. Når LL ikkje har støtte frå laget, vil ho mest sannsynleg også trekkja kandidaturet sitt.

— For å vinna LL, er det også viktig å presisera at hovudmotseiinga i Paprika i dag går mellom TF og sentralt. UF er daudt, men mange driv med sjølvnekting for å unngå å sjå dette i auga.

— I 89 kan fleire ulike folk stilla. Alex har ikkje noko mot å stilla.

— I LS er Harald vara.

4.0: Ny politisk plattform:

— Det er meininga at eit alternativt framlegg skal erstatta både prinsipprogram, arbeidsprogram og Sosialistisk folkestyre.

— Argument om at ein ikkje treng arbeidsprogram, då ein har ei mor som har eit utfyllande arbeidsprogram. Dimed kan også dette bli erstatta av ei politisk plattform. Eit slikt framlegg må fremjast. Alf og Erlend frå 17, Peder og Thale frå 89 og to frå 71?

— Innspel på utkastet til kritikk til framlegget deira frå Peder/89. Kven skriv under på kritikken? Alf og Erlend frå 17, Peder og Thale frå 89 og to frå 71?. Peder legg ut på forumet på måndag, og kritikken må bli halde fast på LM. («Dritten vs.maoistpakka»).

— Ver budde på kritikk på manglande politikk på kvinnespørsmål. Men sleng fram «Hva mener Tjen folket?» - heller skal ein ikkje leggja skjul på at TF også har manglar. Og bed folk om å lesa TF-programmet!

5.0: Vedtektene:

— Kurt fiksar det slik at Thale har prov på at epostane hennar er sendt til sentralt frå 17 sine framlegg. Dette blir prenta opp og delt ut til alle delegatane på LM slik at det finst prov på at framlegget er levert innan fristen..

6.0: Fråsegna:

— Her fylgjer me generallina til Peder om at det er naudsynt å gå til kamp mot fråsegna frå SST.

7.0: Aksjon utanfrå:

— Jakkemerke, ein trykkjer opp Mao- eller mlm-jakkemerke.

— Til kamp blir spreidd, men diskret.

— Vis respekt for kor ein er.

— Plakatar og TFTF i området.

— Dersom bokbord, kan ein leggja ut «Hva mener Tjen folket?»

— «Ti år er nok! Fram for MLM!»-flygeblad

8.0: Ymist:

— Inkje