Fleire stikkprøver på Widerøes heimesider i helga, viser at det Geir Ivar Ramsli opplevde då han skulle sjekke billettprisen frå Førde til Oslo, slett ikkje er eineståande.

På fleire avgangar opererer flyselskapet med billettar som er dyrare på lågpris enn på fullpris. Og det gjeld altså ikkje berre frå Førde, men også frå Sogndal og Sandane.

Stort sett er det prisane på barnebillettar som gjer det uforståelege utslaget. Men på Sandane Lufthamn fann Bergens Tidende også døme på at billegbillettar for vaksne er dyrare enn fullpris.

På flyplassen i Nordfjord fann vi også det mest ekstreme tilfellet. Ein lågprisbillett frå Sandane til Oslo med morgonflyet 21. november ville for ein vaksen og eitt barn kosta 3855 kroner. For ein fullprisbillett med alle dei føremoner det har, forlanger Widerøe 2430 kroner.

Her er nokre priseksempel. Vi har konsentrert oss om barnebillettar, sidan det i all hovudsak er desse som gjer utslag. Vi har søkt på same måte som Geir Ivar Ramsli, reise for ein vaksen og eitt barn. Deretter har vi trekt ut barneprisen. «Happy» er Widerøes billegklasse, og «Full Flex» den dyraste. I tillegg kjem eit bestillingsgebyr på 50 kroner.