Klokka 12.15 gjekk «Strandafjord» ut frå Bergen, den første turen for Torghatten Trafikkselskap i den nye ruta som har fått namnet «Ekspressruten».

Selskapet konkurrerer bevisst på pris med Tide: Medan Tide tek 640 kroner for ein vanleg vaksenbillett mellom dei to byane, slepp du unna med 510 kroner hjå konkurrenten.

— Langsiktig strategi

– Vi skal lansere oss i ein marknad, og då meiner vi prisen er viktig. Difor har vi lagt oss på ein mellomting mellom kystbussen og Flaggruten, seier trafikksjef Ingar Mathisen i Torghatten Trafikkselskap ASA til bt.no.

– Er det eit introduksjonstilbod, slik at de vil skru opp prisen etter kvart?

– Nei, dette er ein langsiktig strategi, seier han.

Trass den låge prisen reknar Torghatten med på å gå med overskot på ruta allereie i år.

Kortare tid

For dei som skal heile vegen frå Bergen til Stavanger eller omvendt, kan det òg vere verd å merke seg at den nye ruta brukar tre kvarter mindre på turen.

Det skuldast at Ekspressruten har færre stopp undervegs. Førebels stoppar båten berre i Leirvik, Haugesund og Kopervik., tre stopp mindre enn Flaggruten.

Mathisen seier dei ønskte å legge inn eit stopp på Flesland, men der sa kaieigar Tide ikkje uventa nei.

TORGHATTEN TRAFIKKSELSKAP