Vi har bede lesarane kåra Vestlandets sju underverk . Over 200 kandidater er meld inn — no skal juryen gjere sitt.

Linda Eide - vestlending, NRK-kjendis og skribent - er ein av jurymedlemmene. Her er hennar liste:

Fridtjof den frøkne: Min desiderte favoritt i inn og utland. Ingen over, ingen på sida. På veg mot ferjekaien på Vangsnes snur du hovudet til høgre og får auga på ein koloss som stikk fram bak telefonleidningar og hustak. Totalt crazy, ikkje eldre enn at det går an å tenkja seg attende til tida, og med ein dokumentert historie om korleis den kom der og kvifor.

Trallebanen i Ålvik: Har ikkje tatt den sjølv, men vitneutsegn frå dei som har tatt den held for min del. Eit underverk at nokon torer - men dei lokalfødde ser på den som ein heilt naturleg måte å ta seg til fjells på - og det gir attraksjonen eit stort autentisk pluss.

Lærdalstunnelen: Jess, jess! Prikken over ein i'en på den samanhengande tunnelfartsåra Bergen - Lærdal. Ingen andre stader i verda finn du fleire asfalterte kilometer inni fjellheimen enn på denne strekninga. Opplev Noreg frå innsida.

Utsiktsplanken ved Stegastein i Aurland: Etter å ha køyrt verdas lengste tunnel, Lærdalstunnelen, køyrer du tilbake på ein av verdas råaste vegar med tidsrett attraksjon - eit utkikspunkt! Tunnel og utsikt - alt i ei oppleving i Sogn.

Fløibanen i Bergen: Kjem med på lista utelukkande fordi det faktisk er eit rutetog, som blir brukt av folk som bur langs banen. Då slepp ein kjensla av ein komplett 100 prosent turistgreie, og det er finfint.

Kong Olav-statuen i Gulen: Dette blir ein kanonattraksjon! Tenk den historia. Avslaget frå hovudstaden, bilferda til sokn. Den gamle misforståtte kunstnaren. Fiskeoppdrettaren som punga ut. Nabokrangel. Osb. Den steinfiguren har alt!!!

Skålatårnet over Loen: Genistreken er skåla opp. Snart er motbakkeløpet meir berømt i verda enn tårnet, men det gir ein herleg synergi. Tårn og makspuls hand i hand!

Smelteverket i Odda? Er ikkje det nedlagt? Sjølvsagt ein attraksjon. Særleg med smelting på staden. Alle nordmenn har lese om smelteverket til både Grytten og Flakstad, men kor mange har eigentleg sett denne berømte smeltinga? Kva skjer, kva smelar dei, kva lagar dei? Smeltaren på utstilling - på tide. Troll A-plattforma? : Vanskeleg tilgjengeleg, fins ikkje overalt. Opplev eit liv du ikkje finn andre stader, med trygleiksreglar og rutinar du ikkje visste fans. Eit soleklart underverk skapt av vesle Noreg, plassert på vår lokale sokkel. Ikkje verst. Flåmsbana:? Ingeniørkunst til å ta av seg hatten for. Og togdrift som er verdt den same hatteviftinga. Under over alle under er at det er mogeleg å frakta så mange opp gjennom så vill natur som blir avbrote av så mange tunnelar, og likevel skapa slik ekstase. Toppar seg med huldra i fossen. Flåmsbana har alt, inkludert fantastisk turistspotting for oss lokale. Vindhellavegen i Lærdal :Finare veg fins det? I slekt med Flåmsbana kva gjeld ingeniørkunst. I slekt med vestlendingen kva gjeld nedhausing av seg sjølv. Tønnebålet på Laksevåg: Ein-gong-i-året-opplevingar kan me lika. Og mange gode historier knytte til brenninga og tønneinnsamlinga sikkert.

Baroniet i Rosendal: Ein attraksjon også for meg - sjølv om eg har uhyre vanskeleg for å få ting som er over 100 år under huda mi. Frukthagane i Hardanger: Umotvisteleg vakker sesongattraksjon. Takk til munkane den gongen. Takk til fruktbøndene no. Stoltzekleiven: Stikkord for denne attraksjonen er tropp er topp for kropp. Den beste pulsbakken på Vestlandet. Ei genuin mjølkesyreoppleving, og draumeutsikt som premie. Alt unnagjort på 8-25 minuttar.

Beffen: Eit underverk at noko så lite kan halda ut så lenge. Gjer ein autentisk jobb, den også, tøffar ikkje vågen over berre på utstilling. Til å lika. Til å bli glad i. Mundal hotel i Fjærland: Pluss på bokbyen så har du eit underverk skapt av lokale eldsjeler med forstand og mot. Nordhordlandsbroen: Ingeniørkunst i familie med Flåmsbana og Vindhellavegen. Det fins alt dei som reiser for å sjå brua, for så å reisa heim att.(Men kan nokon få sopt gang og sykkelvegen der fri for glasbrot ein gong for alle?) Forum kino i Bergen: S tiligaste bygget i Norges nest største by, halleluja. Forfallet er ein offentleg tragedie, men snart kjem guds hjelpande hand frå Sotra. Og er det nokon den karen kan er så det jo underverk, Gud altså (ja sikkert Sæle også, men han er ikkje fult så merittert enno) Hardangerbanen: Høgst personleg favoritt: Den einaste gongen besten kom på TV var då Hardangerbanen vart nedlagt i juni 1985. Då var sjølvaste Dagsrevyen på det toget som me hadde tatt ned på Vangjen i alle år. Ein kunne så vidt skimta han i bakgrunnen då han løyste billetten: Minna om banen som me kalla Granvinsbanen, er ein attraksjon for meg - men ikkje for så mange andre, så dette er vel rett og slett ein tapt sak. Men takk til den som har nominert! Fyksesund bru: Ei tøff bru!

PS! I morgon er juryen klar med sine kandidatar. Då skal våre brukarar plukket dei endelege sju underverka.

Kva synest du om kandidatane til Linda Eide. Sei di mening i kommentarfeltet under.

RUNE BERENTSEN
Bergens Tidende
HELGE SUNDE