Rundt oss ligg mengder av bygningsmateriale, pallar, maskiner og leidningar. Det lukter byggjestøv og nytørka sement.

Eit massivt stillas som ser ut som ein skyskrapar er plassert midt oppi dei to største bassenga. Øvst i stillaset står ein gjeng handverkarar og isolerer taket, medan ein knippe murarar pussar bassengbotnen.

— Basseng i alle retningar

— Med ein gong dei er ferdig med å pusse her, kan det flisleggjast, og så flytter dei seg lenger nedover i bassenget. Det er ein slags dominoeffekt, fortel direktør Jarle Kvalvik ved etat for utbygging.

Han viser oss rundt i Bergens framtidige symjehall på Nygårdstangen. Med seg har han prosjektleiar Bodil Kvalheim.

KLARE FOR FART: To vassklier står allereie klare for bruk for store og små. - Det er ein enkel, og ein med meir magesug i, seier Kvalvik.
SILJE KATRINE ROBINSON
STÅLKOLOSS: I dag er symjeanlegget er dominert av eit massivt stillas som er plassert midt i bassenga.
SILJE KATRINE ROBINSON

Det er ikkje reint lite som har fått plass inne i det nye symjeanlegget. Hallen rommar både 50-metersbasseng, stupebasseng, opplæringsbasseng for funksjonshemma, barnebasseng og varmekulp.

— Som du ser er det basseng i alle retningar her. Basseng, basseng, basseng, seier Kvalvik medan han peikar på dei ulike symjebassenga med paraplyen sin.

Ferdig ved årsskiftet

I over fire år har symjehallen vore under utbygging, og no byrjar det å gå mot slutten. Medan den blågrøne ytterfasaden er meir eller mindre ferdig, er det framleis ein del innvendig arbeid som står att.

— Om alt går etter planen vil bygget vil stå ferdig om lag innan årsskiftet, og dørene kan opnast sommar 2014, fortel Kvalvik.

Her kan ein kome heilt tett inn på symjehallen utan å måtte betale. Det kan bli Bergens svar på Karl Johan

Byggjelydar kjem frå alle retningar inne i kolossen. Sjølv om ein allereie byrjar å sjå konturane av eit nytt symjeanlegg, er dagens hall i stor grad prega av betong. Fleire plassar kan ein endå sjå heilt inn til berebjelkane i tak og veggar.

Vi går forbi stupebassenget, og registrerer eit stupetårn med totalt seks plattformer, den høgaste ti meter over der vassoverflata ein gong vil starte.

To sklier pryder sjøsida av hallen.

— Det er ein enkel, og ein med meir magesug i, seier Kvalvik med eit smil.

Tvers gjennom bygget, parallelt med bassenghallen, går ein gangveg som skal vere open for offentlegheita. Ein samanhengane glasfasade separerer bassengområdet og gata.

— Her kan ein kome heilt tett inn på symjehallen utan å måtte betale. Det kan bli Bergens svar på Karl Johan, seier prosjektleiar Bodil Kvalheim.

På den andre sida av gata, i same bygningskropp, byggast det ein vidaregåande skule og fleirbrukshall. Bygget har fått namnet Helleren, og er designa av eit dansk arkitektfirma.

Kan fylle fire sentralbad

Dei massive dimensjonane er det som stikk seg ut som spesielt med symjehallen på Nygårdstangen. Dei to største bassenga har plass til å romme over seks millionar liter vatn, eller rundt 6000 kubikkmeter. Det er ikkje rart handverkarane som går rundt på bassengbotnen ser ut som små maur i ei maurtue.

SNART FERDIG: Den ytre fasaden av Helleren-bygget er så godt som ferdigstilt. No ventar berre innvendig arbeid. - Om alt går etter planen vil bygget stå ferdig om lag innan årsskiftet, fortel direktør Kvalvik.
SILJE KATRINE ROBINSON
VEGGLAUST: Det står framleis att isoleringsarbeid på veggar og tak inne i symjehallen. Her ved stupetårnet på enden av anlegget.
SILJE KATRINE ROBINSON

— Berre ein fjerdedel av hovudbassenget rommar meir vatn enn heile Sentralbadet til saman, seier Kvalvik.

Symjeanlegget spreier seg ut over 11 356 kvadratmeter. Å seie at det er høgt under taket ville vore ei stor underdriving.

Tek ei veke å fylle

Men det er ikkje berre størrelsen som er imponerande med symjehallen. Ein fjerdedel av arealet i hovudbassenget kan lyftast opp og ned ved hjelp av ein hydraulisk heve- og senkebotn. I tillegg skal det installerast to bruer som kan dele bassenget i fire.

— På denne måten kan bassenget brukast til fleire ulike aktivitetar på ein og same gong. Det er ganske fancy greier, fortel Kvalvik nøgd.

Men kven er det som får æra av å fylle bassenget?

— Det må vel bli deg det då, Bodil, seier Kvalvik og smiler lurt.

— Bassenget fyllast ikkje over natta. Det tek faktisk nesten ei heil veke å fylle, og to veker å tømme, seier prosjektleiar Kvalheim.