Inne i Kvivstunnelen, prikk på fylkesgrensa mellom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, skal kommunalminister Liv Signe Navarsete laurdag opne det nye sambandet som gjev ferjefri E39 mellom Nordfjord og Sunnmøre. Snora skal ho kappe med ein reiskap som knyter historiske band mellom Nordfjord og Sunnmøre.

Kvivsvegen, som har fått namn etter fjellet Kviven, bind Indre Nordfjord tett til Søre Sunnmøre. Ein effektiv transportkorridor viser veg til Volda og Ørsta som sentrum for ein region av eit halvt dusin kommunar på Sunnmøre og to i Indre Nordfjord. Det nye vegsambandet knyter eit område med kring 60.000 menneske saman i ein bu— og arbeidsregion. Køyretida mellom tettstadane Stryn i Indre Nordfjord og Ulsteinvik vest på Sunnmøre blir redusert frå to timar til 75 minutt.

Mange trur konsekvensane av lørdagens vegopning kan bli store. I Nordfjord snakkar dei no om eit sug frå Sunnmøre. Dei skal føde i Volda, ta fly frå Ørsta og jobbe i Ulsteinvik. For fødeavdelinga på Nordfjord sjukehus blir lagt ned frå 1. oktober, mange får kortare veg til flyplassen på Hovden i Ørsta enn Anda i Gloppen og i Ulsteinvik opnar det seg spennande arbeidsplassar i maritime næringar.

Sunnmørssuget

Honndølene, som kan køyre til Volda på 25 minutt, tenkjer alt på å melde overgang til Møre og Romsdal. Jørgen Amdam, professor i samfunnsplanlegging ved Høgskulen i Volda, ser ikkje bort frå at det kan gå mot ei samanslåing av nabokommunar på kvar si side av fylkesgrensa.

— Spørsmålet blir kor stort press staten vil leggje for å få til kommunesamanslåingar, meiner han.

Andre meiner derimot sunnmørssuget vil avta, og viser til at det også går an å køyre til Nordfjord på Kvivsvegen.

— Eg trur det vil roe seg, seier ordførar Anders Ryssdal i Gloppen, om det mange ser som ei splitting i Nordfjord.

Men for paddene får vegopninga forhåpentlegvis ingen dramatiske konsekvensar. I alle fall er det brukt to millionar kroner på å unngå det.

Det har seg nemleg slik at den nye vegen mellom Hornindal og Volda har ei spesiell gruppe brukarar. Bygda Fyrde på sunnmøresida har ein av Nord-Europas største paddekonsentrasjonar. Heile 12.000 av dei held til i eit avgrensa skogsområde ved Litlevatnet, og vegen skjer rett gjennom paddehabitatet.

Om våren må paddene krysse europavegen for å kome til vatnet for å føre neste generasjon vidare. For å ta vare på bestanden er det bygt sju små tunnelar under vegen. På begge sider er det laga gjerde for å leie amfibia på rett veg. I samband med gjerdet som er laga rundt tunnelopninga for å hindre at hjorten går inn i biltunnelen, er det også bygt paddegjerde.

— Vi har hatt eit svært godt samarbeid med Naturvernforbundet lokalt. Vi har funne gode løysingar, seier byggjeleiar Dagfinn Rotevatn.

- Effektivt

Han tek oss med på nedsida av vegen der sju svært så romslege tunnelar bør ha rikeleg plass når tusenvis av padder skal til vatnet for å leggje egg. Under byggjeperioden, før paddetunnelane var ferdige, blei det organisert dugnad for å få krypa over. Folk bar 9800 padder over veganlegget, mellom skogkanten og vatnet. I vår tok brukargruppa for første gong tunnelane i bruk.

— Det såg ut til å fungere effektivt, fortel Rotevatn.

Arbeidet på Kvivsvegen tok til januar 2009. Frå kommunesenteret Grodås i Hornindal til Geitvika i Volda er det bygt 17 kilometer ny veg. Det nye sambandet har fire tunnelar, den lengste borar seg 6,5 km gjennom fjellet Kviven på fylkesgrensa mellom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Ved byggjestart var sambandet kostnadsrekna til 1,045 milliardar kroner, og overslaget ser ut til å halde.

Sist helg gjekk folk mann av huse til gudsteneste i Kvivstunnelen. Meir enn 4000 sunnmøringar og nordfjordingar sette kvarandre stemne på ein snuplass på fylkesgrensa.

Dei mest optimistiske trur på endå fleire når statsråd Navarsete same stad i morgon opnar Kvivsvegen med stuttorv. For honndølene var kjende som uvanleg gode ljåsmedar. Men heimemarknaden var for liten. Så dei gjekk over Kviven med slåttereiskapane sine, og selde til sunnmøringane.

KVILESTAD: I paddetunnelane er det lagt ut skumgummi. – Tanken er at små nyklekte padder kan kvile her når dei skal frå vatnet og opp i skogen, seier Dagfinn Rotevatn.
Øystein Torheim