Trass fotoboksar og hyppige UP-kontrollar er den undersjøiske tunnelen på E39 mellom Stord og Sveio framleis ein attraktiv fartsetappe. Her ryk eit førarkort i snitt annakvar veke, og staten dreg årleg inn over ein million kroner i førelegg.

- Om dei verste fartsbøllene gjer den minste dreiing på rattet nedi der, så går det gale, seier Stord-lensmann Bernt Norvalls, som dagleg nyttar tunnelen til og frå jobb.

For to veker sidan blei ein 33-årig Sandnes-mann stoppa av utrykningspolitiet etter å ha køyrt i 142 km/t gjennom tunnelen. Her var det ikkje førarkort å ta beslag i, for det hadde mannen mista frå før. Han må bu seg på fengselsstraff. I september fekk fire sjåførar inndrege førarkortet på ein kveldskontroll, i vår lei tre mannlege fartssyndarar same lagnad i løpet av ein kveld, etter å ha blitt målt til 118, 121 og 122 km i timen.

Blant landets verste

Den knapt åtte kilometer lange tunnelen under Bømlafjorden er blant landets verste strekningar når det gjeld fart godt over fartsgrensa. Sidan 2005 har over 300 bilførarar måtta gje frå seg førarkortet fordi fotoboksane har registrert fartsoverskriding. I tillegg kjem beslag gjort etter lasermålingar av utrykningspolitiet og Stord lensmannskontor. «Lappen» ryk ved 116 km/t.

FARTSFELLE: Politiet fryktar nye alvorlege ulukker i Bømlafjordtunnelen som følgje av store farts­overskridingar.
Roar Christiansen

Den uoffisielle verstingen er ein 23-årig svenske som i september 2007 blei fartsmålt til 205 km/t av ein fotoboks. Det gav han to månaders fengselsstraff og tre og eit halvt års køyrenekt i Noreg.

Etter 2005 er over 10.000 køyretøy registrerte med for høg fart ved passering av dei fire fotoboksane i Bømlafjordtunnelen. Politiet trur fartsoverskridingane reelt er langt fleire.

- Så lenge det er fotoboksar med punktmåling og ikkje gjennomsnittsmåling, gir det seg utslag i at mange tilpassar farten etter målesektorane. Folk lærer seg kor boksane står, veit du, seier politioverbetjent Terje Tonning, trafikkoordinator i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt. Han ønskjer seg fotoboksar med gjennomsnittsmåling i Bømlafjordtunnelen, slik det er i E39 Byfjordtunnelen ved Stavanger.

Nytt verktøy

Langs norske vegar er det om lag 360 fotoboksar med automatisk trafikkontroll (ATK) der ulukkes­potensialet er størst. I 2009 blei det innført ATK med strekningsmåling, det vil seia to fotoboksar som måler gjennomsnittsfarten over fleire kilometer.

Vegvesenet opererer i dag med gjennomsnittsmåling på 16 strekningar. I region vest blir slik gjennomsnittsmåling gjort berre i E39 Byfjordtunnelen ved Stavanger og i E16 Lærdalstunnelen i Sogn og Fjordane. Ifølgje seniorrådgjevar Anne Beate Budalen i Vegdirektoratet er erfaringane med streknings-ATK særleg gode i tunnelar. Ho seier at det ikkje er kome signal frå den nye regjeringa om å nedprioritera dette verktøyet, som det er opp til den enkelte region i Vegvesenet å investera i.

- Svært mange tilfelle av ekstremt høg fart er blitt borte der punkt-ATK er supplert med streknings-ATK, seier Budalen.