Hausten 2007 står dei truleg klar, ei rekkje kraftige videokamera langs «lysløypa» i Bergen sentrum. Det blir politiets nye våpen mot bråk og vald i bykjernen, og kjem etter ein kraftig oppgang i valden.

Måndag fjerna bystyret det siste formelle hinderet, då Høgre, Frp, KrF og halve Arbeidarpartiet sikra fleirtal for kameraovervakinga.

I vedtaket står gjev bystyret klarsignal til overvakinga som eit toårig prøveprosjekt, med oppstart hausten 2007.

Overvaking døgnet rundt

— Vi vonar at dette kjem på plass så fort som mogleg, men hausten 2007 er kanskje eit realistisk tidsperspektiv, seier Agnar Berland, politioverbetjent for patruljeseksjonen i Bergen sentrum politistasjon.

Politiet og kommunen har set ned ei arbeidsgruppe, som no skal finne ut kvar kamera skal plasserast, kor mange kamera ein skal ha og korleis dei skal administrerast.

Sjølv om plasseringa av videokamera ikkje er spikra, seier både politiet og bystyret at dei skal kome der det er mest fyll og bråk: Langs «lysløypa» frå Bryggen via Torget og Torgalmenningen til Ole Bullsplass og Vestre Torggate.

Og sjølv om fyll og vald i helgane er brukt som hovudargument for overvakinga, blir kamera ikkje slått av om dagen.

— Nei, det skal brukast døgnet rundt. Vi har hatt grove ran på Torgallmenningen midt på dagen. Når ransalarmen går kan det vere nyttig å ha slikt utstyr, sa informasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Trygve Hillestad til BT då planane vart kjende i oktober.

Prøveperiode?

Bergenspolitikarar frå alle parti har uttrykt skepsis til å innføre denne overvakinga av byens borgarar. Sjølv i lov-og-orden-partiet Frp.

  • Det er spesielt kontroversielt i Frp, fordi veldig mykje i vårt parti er tufta på einskildmennesket sin fridom, seier bystyrerepresentant Helge Stormoen (Frp), som har fronta partiet i denne saka.

Både han og resten av bystyrefleirtalet (H, Frp, KrF og halve Ap) understrekar at dei berre har gjeve aksept for ei toårig prøveperiode.

Men politiet ønskjer ein overvakinga som ei permanent ordning.

— Det er klart vi må trekkje erfaringar, men vi ønskjer at dette skal etablerast permanent. Oslo har hatt det lenge, og Stavanger har hatt det i over to år. Dei har god erfaring med dette, seier politioverbetjent Berland.

Pengekrangel

Med politisk aksept frå bystyret og Datatilsynet er det no berre finansieringa som står att før politiet kan sitje i godstolen på kammeret og sjå deg rave rundt i byen.

Berland seier han voner Bergen kommune kan vere med å betale gildet. Det avviser byrådsleiar Henning Warloe.

— Det var rart at det skulle kome no. Vi har ikkje blitt spurt om det, og det står i løyvet frå politidirektoratet at Hordaland politidistrikt skal finansiere dette innanfor sitt budsjett, seier Warloe.