• Eg vart heilt sett ut, seier Venke Aarethun frå Lærdal.

Venche Aarethun kom til Palestina første gong i 1987. Reisa skulle forandre livet hennar.

— Etterpå visste eg at eg aldri kunne leve eit anstendig liv om eg let att augene for det eg hadde sett og opplevd, seier 54-åringen frå Lærdal.

Sidan har Aarethun vore sterkt engasjert på palestinsk side i Midtausten-konflikten. Ho var den nordmannen som stod Yassir Arafat nærast , og i ti år var ho leiar for Palestina-komiteen.

Natt til sundag kom Aarethun tilbake til Ramallah. Den palestinske presidenten Mahmoud Abbas hadde bedt om å treffe henne på sitt kontor.

Liten mistanke

Invitasjon var formidla av Hanan Ashrawi, er ein av dei mest framståande palestinske poltikarene. Ho deltok mellom anna i Madrid-forhandlingane og seinare i Oslo-prosessen.

— Eg hadde ein liten mistanke om at eit eller anna skulle skje, men ante ikkje kva, seier Aarethun på telefon frå Ramallah.

Då lærdølen og Ashrawi kom til presidentkontoret saman med dottera Vilde (21), var det visepresidenten som tok i mot. Abbas måtte brått dra til Jordan dagen før.

Så fekk Aarethun endele vite kva som var i gjære: Ho er utnemnt til æresborgar av Palestina.

— Eg vart heilt sett ut! Det er den høgaste utmerkinga du kan få i Palestina.

Æresborgar nr 2

Berre ein person er tidlegare utnemnt til æresborgar av Palestina. Aarethun får heideren for sin framragande innsats for å minske lidingane til det palestinske folket, heiter det i grunngjevinga. Ho blir også takka for sitt langvarige arbeid til støtte for den palestinske saka.

Visepresident Hussein al A'raj overrekte Aarethun eit diplom og heile to medaljar.

— Det er heilt fantastisk, seier Aarethun rørt.

I ei pressemelding seier Ashrawi at ho knapt har møtt ein person med Aarethuns energi og dedikasjon, som er så totalt hengiven til Palestina, og som har så stor påverknad.

— Vi, det palestinske folket, anerkjenner modige personar som Venke Aarethun. Dei har dedikert sine liv for å verkeleggjere lovnadane om eit fritt Palestina og om ei meir rettferdig og fredeleg verd.

Brubyggjaren

"Palestinernes ukjente heltinne" kalla BT Aarethun i 2006. I snart 30 år ho engasjert seg på det palestinske folkets side - som sjukepleiar, feltarbeidar og kulturarbeidar. Ho tok formannskapet i heimbygda med seg til Gaza, og gjorde Lærdal til venskapsbygda til Jeriko.

Takka vere Aarethun er Trondheim, der ho bur i dag, blitt venskapsbyen til Ramallah. Aarethun har tatt med seg fleire norske kunstnarar som Trondheimssolistane, Håkon Gullvåg og Henning Sommerro til Palestina.

— Eg prøver å vere ein brubyggjar mellom ulike folk og kulturar. Når folk kjem til Palestina, blir dei berørte. Palestinarar blir ikkje berre "terroristar langt unna", men vanlege folk som oss. Folk som kjempar for å leve fredeleg i ein eigen stat, seier Aarethun.

— Ser du eit lys i tunnelen for Palestina?

— Før har eg alltid sagt ja. No seier eg nei. Palestina har tapt kampen om landet, og den einaste som kan gjere noko med det, er USA. Berre USA kan presse på for å få slutt på settlementbygginga, og iallfall finne ein flik av land som kan bli ein palestinsk stat. Men USA har inga interesse av å gjere noko i dag, seier Aarethun.

— I Palestina blir folk mura inn. Dei lever i eit apartheid og under ein ulovleg okkupasjon. Det som er så trist er at det unormale til slutt blir normalt for oss.

IMG_9253.JPG
VILDE AARETHUN