• To view this page ensure that Adobe Flash Player version 10.1.0 or greater is installed.

    Get Adobe Flash player

    Her faller masten

    Folk i Ytre Sunnhordland trudde det var jordskjelv då dei høyrte eit kraftig smell i går kveld. Her ser du den eigentlege årsaka. VIDEO: AF Decom

    VIDEO: bt tv

  • I BAKKEN: Slik ser ei av Sveio-mastene ut etter ein omgang med spesialsprengstoff.

    FOTO: AF Decom

  • RETUR: Fjerninga av kortbølgesendaren på Tjernagel i Sveio gir 700 tonn returmetall.

    FOTO: AF Decom

Her blir Telenor slått i bakken

Folk i Ytre Sunnhordland trudde det var jordskjelv då dei høyrte eit kraftig smell i går kveld. Her ser du den eigentlege årsaka.

Utan forvarsel til andre enn politiets operasjonssentral i Haugesund og skipstrafikken fyrte entreprenøren av ei sprengstoffsalve klokka 22.24 tysdag som fekk hus til å skaka i Sveio og Bømlo på begge sider av Bømlafjorden og heilt inn til Stord. Smellen kom frå Tjernagel i Sveio, der AF Decom er i ferd med å fjerna dei opptil 95 meter høge mastene som sidan 1986 har utgjort ein av Norkring (Telenor) sine kortbølgjesendarar.

Les også

Her slår Heimevernet til midt på natten

... og midt i et boligfelt. Naboer beskriver et spetakkel uten like.

Les også

- Ble syke av miljøammunisjon

Flere soldater ble dårlige under Heimevernsøvelse i Bergen.

 

- Med vilje

- Vi har med vilje ikkje gått ut med informasjon om sprengingstidspunkt, av frykt for at arbeidet skal tiltrekkja seg folk, seier Agnar Haugen, som er prosjektdirektør i AF Decom, avdeling Vestlandet.

- Men kvifor ei salve så seint på kvelden?

- Dette arbeidet er veldig vêravhengig, spesielt på Tjernagel der det kan vera kraftige kastevindar. Vi fekk eit gunstig vêrvindauge tysdag kveld, dessutan hadde vi på førehand svekka punkt på byggverket. Dermed måtte vi berre nytta sjansen, seier Haugen.

Den 500 kilowatt sterke kortbølgesendaren i Sveio blei oppført i 1986 som eit supplement til Kvitsøy-sendaren i Rogaland, for å senda NRK sine utanriksprogram heile døgeret, vesentleg retta mot Mellom- og Nord-Amerika. I dag har internett og satellittar gjort slike sendarar overflødige. Kvitsøy-sendaren skal sprengjast ned over sommaren.

- Ho var sjokkert

- Ei dame ringte til oss i dag og klaga på vegner av fleire bebuarar i Auklandshamn- og Tjernagel-området. Ho var sjokkert over at sprengingsarbeid kan finna stad seint på kveld utan å varsla folk, seier Sveio-lensmann Kåre Ravn Ottesen. Politiets operasjonssentral i Haugesund fekk tysdag kveld fleire telefonar frå folk i Mosterhamn-området som reagerte på sprenginga.

Agnar Haugen i AF Decom opplyser at den fjerde masta etter planen blir sprengt ned i dag, utan å opplysa om tidspunktet. Den femte og siste Tjernagel-masta skal fjernast torsdag. Heile arbeidet vil vera avslutta til påske. Då er rundt 700 tonn stål teke ned og sendt til attvinning hos Norsk Metallretur, forklarer Haugen.

Selskapet har åtte mann i arbeid i Sveio med å riva det tidlegare landemerket ved Bømlafjorden. Entreprenøren nyttar spesialsprengstoffet C4 til å skyta ned mastene, og opererer med ei tryggingssone på 500 meter frå sendaren.

Kjem du til å sakne mastane? Bruk kommentarfeltet under!

Les også

Siste fra Lokalt

-Vurderte å trekke Tooji fra finalen

Nrk-team avkledd og forhørt.

Satt i varetekt og mistet jobben
etter falsk anklage om voldtekt

Nå er kvinnen dømt. - Dommen gjør litt opp for det jeg har vært gjennom.

Gasslekkasje på plattform

Mannskap sendt til livbåtene.

Relaterte bilder

SLUTT: Satellittar og internett har gjort kortbølgesendaren i Sveio overflødig, fem master frå 65 til 95 meter høge blir sprengde ned. FOTO: AF Decom

FOR FALL: I alt fem stålmaster i tidlegare Sveio kringskastar blir fjerna ved hjelp av sprengstoff. FOTO: AF Decom

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger