Direktør Gustav Johan Nydal i Kleven Florø reknar med at kring 70 polske stålarbeidarar vil vere i arbeid på Kleven Florø når verftet er tilbake i full drift. Saman med Klausen Mekaniske Verksted i Holmedal i Askvoll har Kleven Florø etablert selskapet Skanpol i Polen. I dette selskapet har dei tilsett polakkar som skal arbeide i verftsindustrien.

– Vi opplever at mange useriøse aktørar tilbyr tenester til norske verft. I mange tilfelle kan vi ikkje vite om desse selskapa driv lovleg. Ved å opprette vårt eige selskap, kan vi vite at det blir drive skikkeleg, seier Nydal til Bergens Tidende.

Færre fast tilsette

Etter fleire år med bortimot stillstand, fekk Kleven Florø sist vinter tre store kontraktar som sikrar full aktivitet i fleire år. Selskapet med verftsavdelingar både i Førde og Florø skal bygge ein juicebåt til reiarlaget Atlanship og to kjemikalietankskip for Stolt Nielsen. Kontraktsverdien på dei tre båtane er kring 1,6 milliardar kroner.

Den siste av dei tre båtane, ein av kjemikalietankarane, skal leverast våren 2008. Dette betyr full drift ved Kleven Florøs verftsanlegg i Førde og Florø i nær tre år. Sist det var tilfellet var oppunder 600 tilsette i Førde og Florø. Denne gongen blir det berre halvparten.

– Vi reknar med kring 300 fast tilsette, opplyser verftsdirektøren til Bergens Tidende.

Verftet er no i ferd med å bemanne opp. Frå å vere rundt 100 tilsette som laga modular til fregattar eit spansk verft byggjer for den norske marinen, er talet på tilsette no over 230.

Lågare lønn

Sjølv med berre halve arbeidsstokken på lønningslista har Kleven Florø eit mål om å halde like stor aktivitet som før krakket i den norske verftsindustrien. Det skal skje ved at skroga blir bygde i utlandet, og at leigefirma skal gjere ein større del av arbeidet på verftsområda i Sunnfjord.

Kleven-direktør Nydal legg ikkje skjul på at lønsnivået i verftets polske firma er langt lågare enn i morselskapet.

– Eg veit ikkje i detalj kva som er timeløna til dei tilsette i Skanpol. Men dei tener ikkje så mykje som norske arbeidarar. Vi gjer dette for å få ned kostnadene, og på den måten sikre dei faste arbeidsplassane på verftet, seier Nydal.

– Skal Skanpol konkurrere om oppdrag?

– Ja, dei konkurrerer om å vinne oppgåver vi lyser ut på anbod.

Må betale tariff

Fagforeiningane er kritiske til utviklinga, men meiner det er lite dei kan gjere.

– Vi likar det lite. Desse arbeidarane kjem i staden for norske arbeidstakarar, og får mindre lønn enn det vi har. Men slik vi forstår det, er dette i tråd med EØS-avtalen. Då er det ikkje så mykje vi kan gjere med det, seier tillitsvald Audun Grønnevik ved Kleven Florø.

Distriktssekretær Oddbjørn Aalen i Fellesforbundet seier det er eit krav at Kleven må betale dei polske arbeidarane minst tariffløn, rundt 115 kroner timen.

– Med den kjennskap vi har til denne saka, er det vårt inntrykk at Kleven Florø kjem til å gjere det. Vi meiner alt under tariffløn vil vere sosial dumping, seier Aalen.

TRE STORE KONTRAKTAR: Etter fleire år med bortimot stillstand, fekk Kleven Florø sist vinter tre store kontraktar som sikrar full aktivitet i fleire år.