— Dette er til å få både hakeslepp og bakoversveis av, seier kommunelege Svein Halvorsen til avisa Vestnytt.

Campingplassen hentar vatn frå ei nedlagt steingruve som no er eit kulturminne. I tilsiget til denne steingruva har kommunelegen fått opplyst at det skal liggja ein gammal gravplass.

— Eit ekstra stort problem er at campingplassen leiger ut til folk som jobbar i fiskeindustrien. Desse arbeidarane kjem frå land som har høg førekomst av sjukdommar som hepatitt og tuberkulose. Det seier seg sjølv at det er uheldig at dei bur under slike tilhøve, seier kommunelegen.