Tidlegare har Sogn og Fjordane fylkeskommune ikkje henta ut konsesjonskraft frå typiske industrikraftverk. Tanken har vore at denne kraftproduksjonen skulle gje industrien gode rammevilkår, og sikre lokale arbeidsplassar. Men dei siste åra har det skjedd store endringar innanfor den kraftkrevjande industrien. Det gjer at fylket er i ferd med å gje opp idealet:

— Det offentlege er ikkje lenger så aktive som tilretteleggjar. Industrien på si side tek ikkje i same grad som før samfunnsansvar, heiter det i saksutgreiinga som blir lagt fram for fylkesutvalet neste veke.

Ifølgje fylkesrådmann Per Drageset kan Sogn og Fjordane fylkeskommune tene tre millionar kroner i året på å hente ut konsesjonskraft frå kraftverka Elkem og Hydro eig i Bremanger og Luster. I Bremanger brukar Elkem krafta ved smelteverket i Svelgen. I Luster eig Hydro kraftverket i Fortun, straumen blir overført til Årdal og aluminiumverket.

I samband med vasskraftutbygging seier norske lover at utbyggjar må avstå ti prosent av kraftproduksjonen til lokalmiljøet. Det er dette som blir kalla konsesjonskraft. Utbyggingskommunane har førsteretten, dei kan ta ut ei kraftmengde som tilsvarar alminneleg forbruk innanfor kommunegrensene. Det overskytande skal tilfalle fylka.

Frå før hentar Sogn og Fjordane ut konsesjonskraft for 30 millionar kroner frå kraftverk som er eigde av staten, andre fylkeskommunar eller kommunar utanfor fylket. I saksutgreiinga kjem det også fram at fylket vil vurdere uttak av konsesjonskraft frå andre kraftverk.