— Polen har fem millionar arbeidslause, seier Henryk Frankowski.

Den enkle setninga gjev svar på minst to spørsmål: Kvifor han for fem år sidan tok seg jobb på verftet i Ytre Sogn, og kvifor kona Urszula og døtrene Magdalena og Agatha flytta etter i fjor.

Røyrleggjar og kokk

— Vi kjenner til at fleire familiar vurderer å slå seg ned. Tilflyttinga må skje slik at vi greier å handtere det, i forhold til skular, bustadbygging og helsetenester. Vi ser ikkje føre oss noko masseinnvandring, seier ordførar Harry Mowatt.

Røyrleggjaren Henryk Frankowski frå hamnebyen Stettin i Polen kom til Hyllestad første gongen i 2002. I fjor blei han den første av dei polske arbeidarane som fekk familien til Sogn. I sommar fekk dei selskap av familie nummer to.

Henryk seier fleire av hans polske arbeidskameratar vurderer å slå seg ned i Hyllestad med familiane sine.

— Fleire tenkjer på det. Problemet er at det er veldig vanskeleg å få ein stad å bu.

I røyrleggjarverkstaden ordnar Henryk med eit muffefeste. Ein supplybåt som skal til India fyller dokken like ved. Om skipet i dokken er svært, blir det smågut mot farkosten Henryk har jobba med siste månadene. Ved verftskaia ligg «Yury Topchev». Om få månader skal giganten bryte isen for det russiske gasseventyret.

— Dette er svært avanserte skip, seier røyrleggjaren på veg opp leideren og inn i ein båt der det for ein utanforståande ser ut til å råde komplett kaos. Men i samansuriet bak tjukt stål er det system. Henryk veit på ein prikk kvar røyret han gjorde klart få minutt før, skal plasserast.

— Eg likar jobben min, seier han.

Eit steinkast unna går drøsen på norsk, engelsk og ulike slaviske språk i kantina. Svoltne arbeidarar gjer djupe innhogg i dei steikte laksefiletane som står på middagsmenyen. Over grytene på kjøkkenet avsluttar kokkeutdanna Urszula arbeidsdagen sin.

Draumen

På veg heim til det eldre huset familien leiger i Hyllestad sentrum, passerer vi brakkeriggane der mange av dei utanlandske arbeidararane bur. Rutinen er seks veker med lange arbeidsdagar og to veker fri heime i Polen, Litauen, Bulgaria, Ukraina eller kvar dei no kjem frå. Slik var det også for Henryk, til i fjor.

— Når vi begge er i jobb, har vi eit betre liv her enn i Polen, seier Henryk.

Urszula er likevel ikkje like godt nøgd som mannen. Over kaffikoppen heime i sofakroken kjem det fram at ho gjekk ned i lønn då verftet sette bort kantinedrifta. Innhaldet i jobben har også blitt annleis. Ho syns det er urettferdig.

— Draumen er å kunne starte noko for seg sjølv, ein butikk eller ein restaurant. Kanskje i Bergen?, seier ho.

Etter eitt år i landet har døtrene Magdalena og Agatha fått skikkeleg dreis på den lokale dialekten.

— Vi kom hit første gang på sommarferie. Då mamma og pappa sa vi skulle bu her, ville eg ikkje. Men no har eg det bra, seier Magdalena.

Apneseth Oddleiv
Apneseth Oddleiv