ARNE HOFSETH

Han ville forfremma den spinkle hengebrua, bygt for hest med slede opp til 3000 kilo, til mellombels Europavegbru.

— Vi har ikkje andre vegar å hjelpa oss med, sa distriktsvegsjefen til Bergens Tidende for ei god veke sidan. Han forklarde kvifor han ville senda store bilar via Hardanger, og dei små på gamlevegen mellom Helle og Dalegarden, medan to tunnelar på E16 vert utvida og modernisert.

Han har så rett, så sørgjeleg rett, distriktsvegsjefen i Voss og Hardanger. Det er ikkje enkelt å koma fram når stamvegen mellom det to største byane i landet vert stengt, på vestsida av fjella. Det merkar ein kvar gong det er bilulykke eller -uhell på E16 mellom Bergen og Voss. Omkøyringsvegar er det skralt med. Oftast er det berre å venta til vegen er rydda.

Arnfinn Ansok vil at pengane han forvaltar skal strekka lengst mogeleg. Såpass skal ein venta av ein traust sunnmøring. Ved å stenga E16 for all trafikk i fire månader, har han nok pengar til å modernisera både Helletunnelen og Dalevågtunnelen, samstundes som dei aller verste hindringane på gamlevegen og på riksveg 7 langs Hardangerfjorden kan fjernast.

Men for dagens vegbrukarar er vegane vi måtte greia oss med tidlegare, jamgodt med vegløysa.

Vegsjefen har det ikkje lett for tida. No har han fått både næringslivet og lensmannen på nakken. Fabrikkane på Dale har tyngd. Det har også lensmann Kjell Ove Baartvedt. Han hevdar at gamlevegen for lengst var utgått på dato då han fekk avløysing for 30 år sidan. Å leia trafikk denne vegen, burde ikkje ein gong vera eit alternativ, skriv lensmannen i eit brev til vegsjefen. Han kan godta nattestenging med ambulansetrafikk på gamlevegen.

Størsteparten av trafikken mellom Bergen og Voss, som fysisk kom seg over brua, gjekk denne vegen, og over Bergsdalen, til Helletunnelane vart opna i 1974. Ein av tunnelane vart seinare omdøypt til Dalevågtunnelen.

Den smale brua over Hellestraumen er ei eitt-tårns hengebru med vel to meter brei køyrebane. På brua heng framleis eit skilt som fortel om vektrestriksjonar frå første dag: «Største tillate belastning pr. aksel eller enkel slede 3000 kg iberegnet kjøretøyet». Kommunen har seinare nedklassifisert brua frå tre til 1,5 tonns akseltrykk. Siste veka har det berre vore lovleg å passera til fots og på sykkel. Og du kan leia ein moped over. Men den som vil ha eit nostalgisk gjensyn med gamlevegen møter sperrebom. Skal du nå fotomotivet med steinen som lener seg over vegen, der ein spøkjefugl gjerne har sett opp ein trepinne som «støtte», er tilkomsten frå aust. Greitt nok, når du er åleine, å kryssa jernbanen på to planovergangar og krongla seg gjennom steinura. Men skulle du treffa på ein møtande bli, kan det bli mykje rygging. Hadde du møtt alle småbilane frå E16-trafikken, ville det blitt veldig, veldig mykje rygging. Og herjing. Og tuting. Kanskje også litt banning.

Heilt tilfeldig, skal vi tru teknisk rådgjevar Svein-Ove Hesjedal, stengde Vaksdal kommune brua same dag som Arnfinn Ansok heldt orienteringsmøte med næringslivet på Dale og fekk kjeft for opplegget. Og Hesjedal meiner oppriktig at vi skal tru han, sjølv om brua har stått sidan 1927. Akkurat denne dagen fekk han illevarslande melding frå eit konsulentfirma om tryggleiken på brua.