Ho skal ha kjøpt langt fleire dører til bygget enn nødvendig; akkurat som reven med sine mange utgangar, ifølgje revisjonsrappprten som fylkestinget i Sogn og Fjordane slutta seg til.

I temmeleg klar tekst vart ho i haust skulda for kokelimonke i byggerekneskapet for bygget «Martastova» på den fylkeskommunale skulen.

Til fylkestinget i Skjolden i oktober låg det dokument på bordet som samanlikna innkjøp av mellom anna dører med eit revehi: «Eg (fylkesrevisjonssjefen red. anm.) kan vanskeleg sjå at ei faktura på 38 dørar har noko med Martastova å gjera. I så fall må det vera fleire utgangar i stova enn det er i eit revehi».

Desse skarpe formuleringane og skuldingane mot eks-rektoren i Aurland slutta fylkestinget seg altså til; tidlegare omtalt i BT-reportasje om Martastova.

Total retrett

Dei trudde at revisjonsrapporten var kvlitetssikra før den hamna i fylkestingsalen. No vedgår fylkesrevisjonssjef Marianne Vara ein glipp. Kvalitetssikring mangla. Rapporten om Martastova var skreven av ekstern innleigd revisor-hjelp, og utan sjekk gjennom interne rutinar.

No har lufta altså gått fullstendig ut av Martaballongen. Fylkesrevisjsonsjefen og dermed også fylkeskommunen legg seg langflate, erkjenner revisjonsrapporten som død og makteslaus, og skriv i ei pressemelding i går:

«-Fylkesrevisjonssjefen seier seg lei for at formuleringar i revisjonsmeldinga (mellom anna dei 38 dørene og revehisert red. anm) set tidlegare rektor i eit uheldig lys.

Fylkesrevisjonsjefen erklærer med dette formuleringane i revisjonsmeldinga for døde og makteslause».