JAN STEDJE

I temmeleg klar tekst vart rektoren skulda for kokelimonke i byggerekneskapet for bygget «Martastova» på den fylkeskommunale skulen. Til fylkestinget i Skjolden i oktober låg det dokument på bordet som samanlikna innkjøp av mellom anna dører med eit revehi: «Eg (fylkesrevisjonssjefen red. anm.) kan vanskeleg sjå at ei faktura på 38 dørar har noko med «Martastova» å gjera. I så fall må det vera fleire utgangar i stova enn det er i eit revehi».

Desse formuleringane og skuldingane mot eks-rektoren i Aurland slutta fylkestinget seg altså til; tidlegare omtalt i BT-reportasje om «Martastova».

Total retrett

Fylkestinget trudde revisjonsrapporten var kvlitetssikra før den hamna i fylkestingsalen. No vedgår fylkesrevisjonssjef Marianne Vara ein glipp. Kvalitetssikring mangla. Rapporten om «Martastova» var skreven av ekstern innleigd revisor-hjelp, og utan sjekk gjennom interne rutinar.

Dermed har lufta gått fullstendig ut av ballongen, og fylkesrevisjonsjefen og dermed også fylkeskommunen legg seg langflate, erkjenner revisjonsrapporten som død og makteslaus, og skriv i ei pressemelding i går at fylkesrevisjonssjefen seier seg lei for at formuleringar i revisjonsmeldinga set tidlegare rektor i eit uheldig lys. «Fylkesrevisjonsjefen erklærer med dette formuleringane i revisjonsmeldinga for døde og makteslause», konkluderar pressemeldinga.