Ein av politiets teoriar er at den dramatiske hendinga i Askvoll natt til siste søndagen i oktober, var ein hemnaksjon. I avhøyr har ei av kvinnene fortalt at ho før overfallet blei valdteken i same huset.

— Eg kan stadfeste at det er eit tidlegare forhold inne i bilete. Denne hendinga vedkjem nokre av personane som er involverte i saka, seier politiadvokat Knut Broberg ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Balltre

Det var natt til søndag 28. oktober at fire personar tok seg inn i huset til ein mann i 50-åra frå Askvoll. Dei fire gjekk til angrep på huseigaren medan han låg og sov. Ein av mennene hadde med seg eit balltre. Men dette skal han ha slått mot hovudet og overkroppen til 50-åringen.

Mannen som blei angripen fekk frå senga ringt naudnummeret til politiet. Deretter greidde han å kome seg ut av huset, som ligg tre kilometer utanfor Askvoll sentrum. Han gøymde seg i terrenget i fem-ti minutt, før han kom seg i tryggleik.

50-åringen blei send til sjukehus med slagskadar, men ingen av dei var alvorlege.

Kort tid etter overfallet pågreip politiet to menn og to kvinner. Alle blei sikta for grovt ran. Dei fire er alle i 20- eller 30-årsalderen, og heimehøyrande i Sunnfjord. Etter to dagar med lange avhøyr, blei dei sette fri.

Held korta tett

Politiet har heile tida halde korta tett til brystet, men etter det BT kjenner til, kan heile episoden ha ei forhistorie. Den eine av dei to kvinnene skal i politiavhøyr ha forklart at ho ei tid før blei med 50-åringen og kameraten hans heim. Etterpå fortalde kvinna til vener at ho hadde blitt valdteken. Ein av teoriane politiet etterforskar ut frå, er at dei fire drog til Askvoll for å gjere opp. Politiadvokat Broberg ønskjer ikkje å seie noko om kva relasjonar det er mellom dei fire som tok seg inn i huset.

Tekniske undersøkingar

— Desse fire er sikta for grovt ran. Står dette framleis ved lag?

— Vi har ikkje funne at noko er fjerna frå huset. Det blir opp til statsadvokaten å avgjere kva som skal skje med denne siktinga. Om denne blir fråfallen, vil det bli vurdert å sikte dei etter andre paragrafar, eksempelvis lekamskrenking.

— Er det andre sikta i denne saka enn dei fire som tok seg inn i huset?

— Det ønskjer eg ikkje å kommentere.

I følgje politiadvokaten står framleis ein god del etterforskingsarbeid att. Mellom anna ventar politiet framleis på resultata frå dei tekniske undersøkingar Kripos gjorde i bustadhuset.